Ei veke med fakkeltog

Share

Denne veka arrangerer Stefanusalliansen fakkeltog i åtte byar for å minne om forfulgte kristne rundt om i verda. I kveld gjekk toget frå Torgalmenningen til Korskirken i Bergen, torsdag går det fakkeltog frå Oslo domkirke klokka 17 til Utenriksdepartementet og same kvelden går det fakkeltog frå Kristiansand domkirke klokka 18 til Paviljongen på Torget. I Kristiansand vil det vere appell frå Dag Vige, Svein Harberg, Kjell Ingolf Ropstad og Dagrunn Eriksen.

Tema for aksjonen i år er situasjonen i Nord-Korea. Eit prosjekt som Stefanusalliansen støtter, er produksjon av soyamelk og bollar i ein provins i Nord-Korea. Organisasjonen kan ikkje drive evangelisering, men får lov til å gje innføring i grunnleggande matproduksjon og kunnskap om forholdet mellom mat og helse og mellom god hygiene og næringsmiddelproduksjon. Bakeriet framstiller 1,2 millionar bollar per år og like mange koppar soyamelk. Mjøl, sukker og smør er importert frå Kina, lokalt skaffast egg og kumelk. Dette vert distribuert til 15 skolar og 15 barnehagar, fem dagsenter og fem barneheimar. Dette kan utvidast, men då må inntektene til Stefanusalliansen aukast, så dei er ikkje sikre på om dei kan få det til.

Nå gjennomfører FN ei stor gransking av Nord-Koreas brot på menneskerettane. Fleire tidlegare offentlege tenestemenn i Nord-Korea, folk som tidlegare var involvert i propaganda-apparatet, har vitna for FN-kommisjonen.

I tida framover kan kyrkjelydar etablere misjonsprosjekt retta mot Nord-Korea gjennom Stefanusalliansen. Dette skjer gjennom eit samarbeid med organisasjonen TRADI, som arbeider for at folk i landet skal få dekka grunnleggjande behov og at motivasjonen for arbeidet er trua på Jesus.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *