Johannes Geffert

Share

Det er ikkje så ofte eg skriv om ein organist her på bloggen, som regel held det med å lenke til ein omtale av vedkomande. Men i kveldens Postludium presenterte Niklos. K. Besteland den tyske organisten Johannes Geffert, mannen som skal stå for konsertspelet når det nye orgelet i Kristiansand domkyrkje vert teke i bruk om tre veker. Klais-orgelet til 14-15 millionar er bygd i Bonn og frakta til Kristiansand i fire trailerlass. Det er det første Klais-orgelet i Norge.

Johannes Geffert er fødd i 1951 og er son til ein organist, så han kom tidleg i kontakt med musikk. Etter artium studerte han med Michael Schneider på Musikkhøgskulen i Köln, og då han hadde fullført dette, 22 år gammal, kom han til London for å studere med Nicholas Kynaston.

Frå 1974 til 1979 var han organist i Annakirche i Aachen, der han og var leiar for Aachen Bach-tage. I 1979 kom han til Kreuzkirche i Bonn. Der var han til 1998, då han vart professor i orgelspel og improvisasjon på Musikkhøgskolen i Köln, der han sjølv hadde vore student. I mellomtida hadde han og vore lærar i mange år på Robert-Schumann-Hochschule Düsseldorf. I Köln er han leiar for avdelinga for evangelisk kyrkjemusikk.

Johannes Geffert har laga mange arrangement av orkesterverk for orgel. I 1981 grunnla han Johann Christian Bach-Akademi, der han er leiar og solist. Han er ofte lærar for meisterklassar, og oppfører regelmessig ny orgelmusikk. Han har gjeve ut ei rekke plater, i programmet i kveld høyrde vi frå ei plate han har laga på orgelet i Abteikirche Maria Lach i Koblenz.
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagsprogram_i_Valle_Radio_20131015
http://de.wikipedia.org/wiki/Johannes_Geffert

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *