Kan Hasla bli Årets sørlandsbedrift?

Share

Hasla i Valle er nominert til Årets sørlandsbedrift, som einaste bedrift i Aust-Agder. I konkurranse med sju andre bedrifter skal folk stemme på om dei meiner Hasla bør få prisen. Det er ein konkurranse som Fædrelandsvennen arrangerer, og dei andre nominerte er Frigstad Offshore, Seafront Group, GE Healthcare, National Oilwell Varco, Fibo Trespo, Konsmo Fabrikker og Strømmestiftelsen. Å tru at den lille sølvsmedbedrifta i Valle skal vinne over desse store konkurrentane er litt som å tru på jolenissen i oktober.

Konkurransen går etter utslagsmetoden, og frå onsdag til fredag kan ein stemme på Hasla som er i konkurranse med Fibo Trespo. Vinnaren går vidare til ein semifinale, då er det ny avstemming. Finalen er frå søndag 3 til tirsdag 5. november.

Eg har tenkt å gje Hasla drahjelp gjennom å snakke med Ørnulf Hasla i Valle Radio onsdagskvelden. Om dei som høyrer på den aktuelle timen den kvelden, sender SMS-meldinga BEDRIFT E til 03811, så kan det føre til at Hasla kjem seg til semifinalen. Så må ein gjenta dette neste onsdag for at Valle-bedrifta skal kome til finalen.

Konkurransen vart starta i fjor. Då vann Stormberg etter at avisa hadde fått inn 118 forslag. Desse vart av ein jury reduserte til 8, der regelen var at bedrifta måtte halde til på Sørlandet, ha nok eigenkapital og overskot dei to siste rekneskapsåra, samt at bedrifta hadde utmerka seg i samfunnet. Dei same kriteria ligg til grunn for årets kåring. Etter at juryen hadde plukka ut sju finalistar, valde lesarar av Fævennen den åttande i ei avstemming på Facebook. Det vart Strømmestiftelsen som stakk av med åttandeplassen. Då vart generalsekretær Øyvind Ådland så glad at han ville utfordre sørlandsbedrifer til å delta i maratonløp i Etiopia om dei vann.

Eg veit ikkje om Hasla har noko gulrot i denne klassen, men det er godt gjort å bli nominert. Gratulerer

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *