Kongens medaljer

Share

I helga var det kongeleg medaljedryss over Setesdal. Laurdagskvelden fekk Annemor Sundbø hederen for arbeidet ho har lagt ned til beste for strikking gjennom eit kvart århundre. Ho er jo blitt statsstipendiat og får fast inntekt for si formidling av kvinnekultur gjennom bøker og foredrag. Kampen for tilværet er dermed noko lettare enn då ho tidlegare streva med å skaffe seg utkomme frå engasjementet sitt.

Ordførar Leiv Rygg overrakte henne medaljen på Bygland mållag sin kulturkveld. Ho skreiv på Facebook at ho ikkje kunne forstå kvifor det var så viktig at ho skulle vere med på det arrangementet, men så vart det jo desto hyggelegare. Ho har drive Ose Ullvare i 20 år, og før det dreiv ho Torridal Tweed, sjoddyfabrikken som vart grunnlaget for boka om skattar i fillehaugen. Ordføraren fortalde at mange lag og organisasjonar stod bak søknaden.

Sundagskvelden var det tid for medaljeutdeling i Valle. På opningsarrangementet til Kulturveka 2013 var første post på programmet tildeling av medalje til Ingebjørg Vegestog Homme. Ho har vore ein sentral kulturformidlar i mange tiår innan bunadsaum, bøker og bilete. 83 år gamal saumar ho framleis bunader, og bileta ho gjennom åra har samla inn har kome til nytte i bøker og mange andre publikasjonar. Ho er også aktiv i arbeidet med nettstaden vallemal.no. I tillegg har ho samla inn viser, stev og bånsullar, så hennar kulturarbeid femner vidt. I grunnen er det rart at ho ikkje har fått medaljen for lenge sidan.

På Setesdalswiki har eg prøvd å samle informasjon til ei liste over folk som har fått Kongens fortenstmedalje. Når eg ser på den lista, slår det meg at det er ganske langt mellom mottakarane. Eg lurer på om det kjem av at det er få som fortener medaljen, eller om det er få som det blir søkt for. Det er jo slik at ein må søke, og då må nokon ta initiativet til å lage søknaden før ordføraren kan stø søknaden, som skal gå gjennom fylkesmannen. Vi burde vere flinkare til å heidre kvarandre, det er til og med bibelsk, der står det: Kappast om å heidra kvarandre.

Gratulerer til begge. Det var vel fortent.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *