Malala

Share

I kveld vart eg sitjande og sjå Skavland på NRK1. Det var eit sterkt møte med Malala, men og interessant å høyre samtalen med Bianca Jagger og med prinsesse Märtha Louise. Denne gongen var programmet frå London, så praten gjekk på engelsk. Å høyre ein så reflektert 16-åring snakke var jo ei oppleving i seg sjølv.

Når vi får ein interessant samtale i media, er det synd å bryte han av med musikk. Det har Skavlan skjøna, men det er rart at det er så vanskeleg å skjøne for dei som lagar radio, som til dømes Sørladssendinga, men det skal eg ikkje seie meir om no.

Malala fortalde i sendinga om Swat-dalen, som er blitt kalla Østens Sveits. Høge fjell og grøne dalar gjev ein flott natur, og fram til 2007 var det fred og gode villkår for jenter der. Så kom Taliban, og dei drap folk som hadde for kort sjegg eller på andre måtar ikkje tedde seg slik deira tolking av islam sa. Malala kunne ikkje tenke seg at dei ville gå laus på ei jente som var barn, så som 11-åring tok ho til å blogge og fortelje om hendingar i heimbyen og regionen. Dermed vart ho mål for Taliban, som sende to 20 år gamle gutar på skulebussen for å drepe henne. Til vanleg var det mykje folk på vegen, men den dagen var vegen tom. Ho overlevde og vakna på eit sjukehus i Birmingham, og no er heile familien flytta til England.

Malala er pashtun, det er ei folkegruppe som bur sør i Afghanistan og nord i Pakistan. Det bur flest pashtunarar i Afghanistan, men etter tradisjonen har dei ikkje hatt så mykje politisk å seie, det har vore dari-folket som har styrt i landet. Då vi hadde flyktningar frå Afghanistan i Valle, var dei dari.

Eg visste ikkje mykje om desse tinga før, men kveldens program på Skavlan gav litt opplysning om dette og var både lærerikt og informativt. Så då kveldens musikar kom på scenen, skrudde eg av, sjølv om han var ein flink gitarist, hadde eg fått nok i det programmet og kjende meg meir opplyst enn eg hadde vore tidlegare.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *