Meir om deling

Share

Tysdag var det tid for deling på Valle folkebibliotek. Mari Senumstad Hauge delte lesaropplevingar med sju personar som hadde teke seg tid til å ta lunsjpausen på biblioteket. Sjølv kom eg halvveges ut i programmet, eg trudde det tok til klokka 12.30, men starttid var klokka 12, så eg fekk bare med meg halvparten. Men det var ein god halvpart, ho sette fokus på bøker eg ikkje hadde bladd i før. Det gjorde ho på ein flott og interessant måte, så det var ikkje vanskeleg å late seg friste til å låne av dei reiseskildringane ho trekte fram.

Det vart likevel ikkje til at eg lånte noko der og då, for etter innlegget hennar serverte Lisbeth Dalquist Homme nydeleg eplekake og sjokoladekake til ein kopp kaffi, og då fekk eg ein hyggeleg prat med Leonhard Jansen og Knut K. Homme. Då Leonhard måtte gå etter eit bel, vart eg sitjande og prate med Knut og vi var innom mangt og mykje. Knut fortalde at han las bloggen min med stor interesse kvar dag; eg seier med Salve Øina som fekk Kongens fortenstmedalje: -Eg kan ikkje seie eg ikkje er kry! Så snakka vi om Setesdalswiki i høve til leksikon generelt og wikipedia, deretter hadde vi ein interessant samtale om Norsk Ordbok, Knut visste mykje om dette verket som eg ikkje hadde peiling på.

Frå Norsk Ordbok kom vi og inn på arbeidet med vallemal.no, som gjer at Knut ikkje får høyre særleg mykje på Valle Radio, for kvar einaste onsdag er han i arbeid med ordtilfanget til nettstaden, og ettersom Norsk Ordbok no arbeider med dei siste bokstavane i alfabetet, gjer også gruppa bak vallemal.no det, for dermed å kunne gje tilfang til arbeidet med Norsk Ordbok.

Medan praten gjekk om laust og fast, kom Knut til å nemne at han skulle på eit bokbindarkurs på Rauland. Eg spurde då om han heldt på med bokbinding, og då sa han at han ikkje kunne halde på heime, for han hadde ikkje det spesialutstyret som skulle til. Han hadde til og med leita på finn.no for å sjå om det var råd å finne ei gamal bokpresse som han kunne få overta, men ikkje funne noko. Det førte til at eg i går sette meg til å leite litt for å sjå om eg fann noko, og då kunne eg dele med meg lenker til fleire slike presser, slik at han kunne sjå om han ville prøve å få kontakt med seljar.

Internett gjev oss heilt ny hjelp til å kunne dele med kvarandre. Difor deler eg denne bloggen med deg når eg no trykkjer på Lagre og sender tankane mine vidare.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *