Program for veke 42-2013

Share

Tysdag 15. oktober

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuelt frå kyrkje og kristenliv
18.55 Country Gospel
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 16. oktober

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakter frå 20.30: Ingunn Åkre Uppstad og Ingebjørg Ellinor Rysstad.

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved Frode Buen
20.00 Haralds time. Gjest: Åse Ingebjørg Flateland
21.00 Opi sending ved Ronny Stavsholt

Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Meir om programma på http://www.setesdalswiki.no (sjå aktuell dato)

Om bygdeutvikling i Valle radio

Onsdagskvelden vert bygdeutvikling tema i Valle Radio. Då kjem Åse Ingebjørg Flateland på besøk. I vår tok ho bachelorgrad i bygdeutvikling på Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) på Jæren. Skulen presenterer studiet slik: Gjennom bachelorstudiet i Bygdeutvikling skal studentane læra å sjå med nye auge på ressursane dei har rundt seg; dei menneskelege, dei naturbaserte, dei kulturelle, dei sosiale og økonomiske. Dei skal læra å ta i bruk ressursane på nye måtar og slik verta aktive utviklarar og pådrivarar i forhold til eigen livssituasjon og eige miljø. Studiet vil gi grunnleggjande kunnskap om utviklingsarbeid og sosial, kulturell og økonomisk verdiskaping både i lokal, regional, nasjonal og internasjonal samanheng.

Åse Ingebjørg er leiar i Valle Bondelag. Måndag 14. oktober hadde laget årsmøte, og i samtalen i studio i Valle Radio vil ho fortelje frå årsmøtet. Tysdag 15. oktober hadde dei kurs om «Tryggleik og helse i landbruket» i kommunestyresalen i Valle, og vi vil også kome inn på dette, fortel Harald Haugland, som er ansvarleg for denne onsdagskvelden i Valle Radio. Han får og besøk av Leif Kvinlog, som står i spissen for Kulturveka i Valle 2013 og av Ørnulf Hasla, som er eigar av Hasla, Vallebedrifta som er nominert til Årets sørlandsbedrift. Og den aktuelle timen startar klokka 18 med ein telefonprat med ordførar Bjørn Ropstad i samband med at Evje og Hornnes kommune kom på 9. plass i landet i Forbrukerrådets kommuneundersøking.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *