Servicenivå i Setesdalskommunane

Share

I kveld hadde eg Bjørn Ropstad på tråden for å snakke om Forbrukarrådets kommunetest. Dei hadde brukt ein del arbeid på å sjekke servicenivå i kommune-Norge. Evje og Hornnes kom på 9. plass. Han berømma folka på servicekontoret i kommunen, dei er trugne på jobb og godt kjende, så dei finn svara lett. Han meinte og at kommunen har jobba over tid med å utvikle service for publikum, og så langt han kunne sjå, var folk godt nøgde, for han fekk få klagar frå innbyggjarane, noko han nok trudde han ville ha fått om dei var misnøgde.

I andre enden av lista fann vi Valle på 399. plass. Elise Marie Kringen måtte kommentere dette i Kommunen informerer i kveld, og ho sa at ein måtte bare legge seg flat, det var ikkje på nivået ein ville vere. Dei arbeider med ei ny nettside, ho vona at den snart ville vere klar, men det var ikkje heile svaret, for svar på epost og i telefon var heller ikkje gode nok.

Eg måtte trøyste henne litt med å minne henne på at det nok ikkje er mange kommunar i Norge som har så god informasjon til publikum via lokalradio som Valle kommune. Kvar veke har dei ein halv time med kommunal informasjon, og møta i kommunestyret vert og overført på lokalradioen.

Elles var vi innom mange tema i kveldens sending, men dei får eg kome tilbake til seinare.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *