Evje og Hornnes folkebibliotek

Share

I dag hadde eg høve til å stikke innom Evje og Hornnes folkebibliotek. I sist veke, 1. november, var det nyopning av biblioteket, som ligg i andre høgda i same bygningen som Evje Glasservice. Det er heis, så det er ikkje vanskeleg å kome opp, og sjølv om det er to plan når ein er komen opp, er det ein fin slag gangveg mellom dei to plana.

Eg møtte ein hyggeleg nytilsett biblioteksjef, Øystein Tranås Kristiansen. Han er trønder, men er utdanna bibliotekar i Tromsø. Før han vart biblioteksjef på Evje hadde han hatt litt jobb på biblioteket i Tromsø, men dette er den første jobben med ansvar for eit bibliotek, og han har nok tankar om å få fleire evjedølar og honndølar til å bruke biblioteket.

Etter nyopninga har biblioteket ope til klokka 19 kvar dag med unntak av laurdag, men dei har og laurdagsope, og då byd dei på kaffe og aviser om du stikk innom. Eg trur det er viktig å ha eit system der opningstidene er lett å hugse, og det har dei no fått på Evje.

Eg var ikkje så lenge, men hadde stor glede av besøket. Før ferien fekk eg meg Norgeskort på biblioteket, men eg hadde ikkje brukt det før i dag. Eg tenkte eg fekk låne med meg noko, så eg fekk brukt det. Kortet fungerte fint og det var hyggeleg å få med seg noko på dette første besøket. Det er så fint med den ordninga ein no har fått at ein kan låne kor som helst, og levere kor som helst, så fraktar bibliotektenesta det ein har lånt tilbake til rett bibliotek. Det betyr til dømes at folk som skal til Hovden kan stikke innom og låne på biblioteket på Evje og levere det dei har lånt på grendehuset på Hovden, så kjem det tilbake på plass.

Biblioteka er gode tilbod i grisgrendte strøk. Dei skaffar det ein treng og hjelper oss til å kunne ha eit rikare liv. Difor er det viktig å satse på biblioteket. Eg trur Evje og Hornnes gjer rett når dei no tilfører litt meir ressursar til biblioteket, slik at dei kan utvide opningstida og gje eit betre tilbod til publikum.

I tysdagssendinga 5. november skal eg ha ein liten prat med den nye biblioteksjefe på Evje.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *