Hauststorm

Share

I går kveld sat eg i telefonen då lyset gjekk i Valle. Det tok jo si tid før straumen kom att. Heldigvis er det lenge mellom kvar gong slikt skjer, og denne gongen var det mildt ute. For meg som baserer meg på elektrisk fyring, ville det nok blitt kaldt inne om det hadde vore mange minusgrader ute.

Eg trur eg kom frå denne hauststormen utan særlege skader, det var verre for Noe Bow som var på korøving i Familiekoret, dei skal syngje på jolemessa i Valle laurdag og hadde øving på Menighetshuset onsdagskvelden. Då han kom ut etter øvinga, hadde bakruta bilen hans blitt knust i stormen.

Når lyset går er det gjerne problem med dataserveren til kommunen, og i dag var det vanskeleg å nytte data på skulen. Etter det eg skjønar, fekk også telefonsystemet deira problem og måtte få nye deler frå byen, så det var visst ikkje så lett å kome i kontakt med kommunehuset i dag. Men det ordnar seg etter kvart, sjølv om ein hauststorm syner at vi er svært avhengige av elektrisk straum i dagens samfunn.

Når vinden uler rundt husa er det godt å vere innandørs, endåtil utan straum. Eg hadde ikkje sytt for å ha stearinlys i leiligheten eg bur i, eg er i grunnen ikkje særleg for det. Men heldigvis var den bærbare datamaskinen full av straum, så eg hadde litt lys frå skjermen der i romet, og det var i grunnen nok til lyset kom tilbake.

Så langt eg kan skjøne det var hauststormen i Valle ikkje mykje samanlikna med korleis vinden valda skade andre stader i landet, særleg på kysten nordover har det visst vore kraftig uver. Men NRK var mest oppteken av tre som velta i nærleiken av Oslo, det er i grunnen litt rart at vindkasta i det sentrale austlandsområdet skal vere viktigare å ha bilete av på TV enn skadeverk på kysten og nordover. Media er etter mi meining alt for sentrert rundt hovudstaden.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *