Nasjonal strikkekveld

Share

Den nasjonale strikkekvelden som var på NRK for eit par veker sidan fekk ein avleggar i Valle Radio i går kveld då Annemor Sundbø fortalde litt om korleis ho hadde opplevd å vere på TV frå Salhus den kvelden. Ho kunne godt forstå kvifor det ikkje vart verdsrekord, for det var kaldt i fabrikken, så den nyklipte ulla var ikkje varm og god å spinne. Ho fortalde og at ho hadde fått mail, sms, telefonar og helsingar frå halve Norge og heile verda, strikkeprogrammet hadde og vore sendt på Færøyane.

Det var jo hyggeleg at ein kvinnesyssel no kunne kome i fokus på slow-TV som dei kallar programkonseptet. I heimen vår var det bare det som var i TV-ruta den kvelden, noko som ikkje er så unaturleg når Reidun vel er snart den einaste som leverer setesdalskofter til Husfliden i Valle strikka på håndstrikkemaskin. Når det kjem ei setesdalskofte på skjermen, lurer ho alltid på om det er ho som har strikka den.

Annemor fortalde at ho heldt på med korrektur på ei ny bok, ho hadde 150 sider att av 3. korrekturen og den skulle vere ferdig til måndag, men boka kom ikkje i bokhandelen før til våren. Elles var ho mykje på farten med foredrag om strikking og om fillehaugen sin og gledde seg over oppsvinget som spinning har fått etter programmet. Kan hende vert det spinnedag på Ose til våren eller sommaren.

Vi kom til å snakke om programmet i ein skuletime i dag, og dei utanlandske kvinnene hadde sett på programmet. Strikking er interessant og for dei.

Elles gratulerte eg Annemor med Kongens fortenstmedalje, den kom overraskande på henne, men desto meir gledeleg. Det kjem mange strikkebøker med Setesdalsgensermotiv, kan hende burde det lagast ei slik bok med utgangspunkt i dalen. Til no har det vore folk frå andre kantar av landet som har nytta motivet i bøker.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *