Senilveke

Share

Eg har hatt si senilveke siste veka. Difor har bloggen vore utan tekstar siste veka. Heller ikkje Setesdalswiki har hatt bidrag frå meg den siste veka. Eg har vore i Nittedal og passa barnebarn medan foreldrene var på USA-tur. Det var ei stor og fin oppleving, sjølv om det starta med magesjau for heile familien. Eg hadde tenkt å skrive på digitale plattformer medan eg var der borte, men eg var så pass utslegen at det einaste eg orka, var å skrive litt på Wikipedia. Eg var på val som administrator og byråkrat der denne veka, det er ein åremålsystem, med valperiodar på to år. Eg er takksam for attval, Wikipedia er viktig for meg.

Etter ei vekes pause er det eit etterslep på Setesdalswiki. Bloggen har fått ei heil veke utan innlegg i november 2013. Det får de som les dette, leve med, men eg har ein jobb å gjere for å bli ajour med Setesdalswiki sine datoartiklar og å få på plass dei siste utgåvene av Setesdølen i nettleksikonet for Setesdal.

I tillegg har det vore ei veke der det har skjedd mykje i Setesdal. Meldinga om at ein vil fjerne Hekni bomstasjon var ei gladmelding, i alle fall om det fylgjer pengar med til å få gul midtstripe til Hovden utan bompengar. Meldinga om at Evje og Hornnes vil reforhandle avtalen om Setesdal Regionråd er ei melding med motsett forteikn, Setesdal regionråd er i mine auge eit samarbeidsprosjekt som har så mykje positivt i seg at vi som bur i dalen burde juble over jobben som vert gjort gjennom regionsamarbeidet i staden for å klage. Utan dette samarbeidet hadde ikkje Evje blitt det regionsenteret vi no ser vekse fram, det er eg overtydd om. Eg må kan hende skrive meir om det seinare.

Ettersom eg var på kurs tysdagen før eg hadde mi friveke, vart det to tysdagar utan sending i Valle Radio. Men til tysdag er både eg og Niklos tilbake, og det ser ut til at vi kan sende eit opptak frå møta Viggo Wilhelmsen hadde i Hylestad denne helga. Å formidle noko frå kristenliv og kyrkjeliv i nærmiljøet er god lokalradio.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *