Vegnamn skapar diskusjon

Share

I kveld var det kommunestyremøte i Valle og eg fekk med meg litt av det i overføringa i Valle Radio. Melding på Facebook tyda på at det tok litt tid før oppkoplinga fungerte på Internett, men eg fekk det inn på FM. Ettersom middagsluren ikkje var over då møtet starta, fekk eg ikkje med meg starten. Men litt av debatten om vegnamna høyrde eg, før dei tok pause med gruppemøte og mat, den var sein i kveld, til vanleg pleier den å vere om lag 19.30, men i kveld var klokka 20.25 då Tarald Myrum signaliserte pause.

Til skilnad frå budsettsaker og andre saker der økonomi er involvert, vil det ikkje koste meir om ein endrar eit namn på ein veg. Difor kunne folk seie kva dei meinte, og etter debatten å døme var det mange meiningar. Eg synest veggruppa har gjort ein god jobb, dei har hatt nokre prinsipp og så har dei fylgt desse. Men folk kunne jo vere usamde i prinsippa, og difor kome opp med andre namn. Etter det eg forstår, går nok diskusjonen mest på korleis ein skal ta vare på namn som alt er i bruk.

Når du les dette, har nok kommunestyret vedteke namna som skal nyttast på vegane i kommunen framover.

For flyktningane som er busette i Valle var nok den saka av mindre betydning enn at to av dei som var oppe til munnleg test i norsk i haust, fekk bestått. Det vart feira med is og appelsin i lunsjpausen vår i dag. Det er triveleg å dele glede over godt resultat med kvarandre, og vi hadde ei hyggeleg stund der vi kunne nyte frukta av hardt arbeid for å kunne bli aktuelle jobbsøkarar med norsk-kompetanse. Tre av dei som har klart testen tidlegare var i dag på jobbmesse i Arendal, om dei fekk napp, står att å sjå. I så fall vil dei vel flytte frå kommunen. Det vil vere eit sakn å misse dugande folk, men vonleg har vi gjort dei rusta for å gjere ein god jobb der dei kjem.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *