Kollisjonar i eteren

Share

Siste året har vi hatt eit samarbeid med Radio Evje slik at våre sendingar tysdag og onsdag har gått ut over nettet deira. Det har vore ein rikdom for heile dalen etter mi meining, då har nærradioen fungert som regional radio for heile Setesdalsregionen.

Fredag var det jolebord for tilsette i kommunen. Eg tok ein tidleg kveld og reiste frå Sølvgarden klokka halv ti, og då høyrde eg på Ronny og Kåre nedover dalen. Men då eg kom eit stykke ned i Bygland, overto Radio Evje eteren med si sending. At rebusane var vanskelegare var no ein ting, men eg visste jo at samarbeidet vårt, som har vore i eit system der vi hadde første fredag i annankvar månad til heile dalen, og difor hadde sauesending i oktober og no skulle ha adventsending, ikkje lenger var heilt vasstett.

For oss i Valle radio har det vore vanskeleg å få folk til å ha fredagssendingane, vi likar oss best midt i veka i det ordinære programmet. Men vi har gått inn i samarbeidet om å ha fredagssendingane for å byggje noko i heile dalen saman med Radio Evje. At det no var brote, uroa meg, så då vi var på jolesamling i Kristiansand laurdag, tok eg det opp.

No ser i i dagens Setesdølen at Radio Evje skal ha sending i morgon kveld frå 20.30. Eg er programleiar i Valle radio på same tid, og tek omsyn til at eg har heile dalen som målgruppe når eg legg planane. I morgon skal eg ha med meg Ragna Marie Henden frå Stemmerettsjubileet 2013 og vi skal snakke om det og om Grunnlovsjubileet 2014. Det er greitt nok at folk i Øvre Setesdal får høyre det, men det hadde vore stoff for nedre del av dalen også.

Eg reknar med at tida fram til halv åtte kan gå til heile Setesdal og vonar å ha stoff som kan vere aktuelt for folk i Nedre Setesdal i den aktuelle timen. Så får styra setje seg saman og finne ut korleis vi kan unngå kollisjonar i eteren.