Frå Sør-Afrika til Setesdal

Share

I dag var det eit langt spenn i opplevingane mine. Eg var tidleg oppe og fekk med meg det meste av gravferda til Nelson Mandela, det var interessant å høyre og sjå. Før eg sette meg i bilden for å dra oppover frå Mandal til Valle, fekk eg og med meg at Tiril Eckoff for første gong kom på pallen i skiskyting, og i bilen høyrde eg at Johannes Thingnes Bøe forsvarte sigeren frå i går. Begge desse var i Frankrike.

Så kom eg oppover Setesdal og like før klokka fire svinga eg inn framom Valle Motell. Medan folk vifta seg i Sør-Afrika, der sommarferien no tek til, var det is, hålkeføre og tåke i Setesdal. Men inne på Valle Motell stod jolematen på bordet, det var bare å forsyne seg. Eg trur vi var 15 stk. som møtte opp på førjolssamlinga i år. Etter måltidet hadde vi ein prat om arbeidet i radioen før Ørnulf takka alle for innsatsen i året som gjekk. Så gjekk han tilbake til flyttesjau, dei strevar hardt for at Anne og Lars Tarald skal kunne flytte inn til jol. Vi andre vart sitjande ei stund til, men smått om senn var det tid for å ønske kvarandre god jol og skiljast etter eit særdeles velsmakande måltid og ei triveleg samkome.