Storfamiliefest

Share

I går reiste vi til Lyngdal på storfamiliefest. Ettersom både dei yngste og den eldste likar betre å feste om dagen enn om kvelden, starta festen klokka eitt og heldt på til tidleg kveld. Vi var heime att mot slutten av Dagsrevyen etter ei triveleg samling der oldemor på 96 møtte 17 oldebarn, fem barn med ektefellar og ganske mange barnebarn, også mange av dei med ektefellar.

Festen baud på gang rundt treet i kjellaren på Å bedehus, eit lokale som var særdeles veleigna til føremålet. Eg hadde vore der ein gong før, men no var det utvida, og ovanpå hadde dei fått ein bruktbutikk som var open kvar laurdag, inntektene gjekk til drifta av huset. Det var i grunnen ein smart måte å sikre seg inntekter for eit bedehus som ikkje har så mange brukarar, etter det eg skjøner, har nok andre bedehus i Lyngdal større nedslagsfelt.

Etter eit godt måltid, spleiselag, må vite, var det tid for gang rundt juletreet og glad julesang. Nokre av oldebarna likte godt å kunne synge for oldemor i mikrofon, det var hatteleik og andre leiker, som det høver seg i eit storfamilieselskap. Ein bordoppgave var å plasser alle oldebarna i rett rekkefølge etter alder, ikkje bare dei 17 som var til stades, men også dei ti som ikkje var der. Eg trur knapt nokon klarte det heilt nøyaktig, men det fekk jo samtalen til å dreie seg om slekta meir enn om ver og vind.

Etter kvart kom kaker på bordet, eit juleselskap utan kaker er kanskje noko tamt, men her var det ti runde kaker og alle slags julekaker i tillegg, så ingen trong reise svoltne heim. Det var nok heler ei utfordring å ta til vitet og ikkje ete seg sprekkmett, slik det vel har vore for nokon kvar i jula.

Som eldste bror takka eg for kvelden og prøvde meg på eit lite dikt, inspirert av sangen No koma Guds englar. Eg har skrive om den på Wikipedia i jula, og fann då ut at det var den første sangen på nynorsk som vart sunge i ei kyrkje, det skjedde i Høydalsmo kyrkje 2. juledag 1884. Det kan ein jo tenkje på når ei køyrer den vegen. https://no.wikipedia.org/wiki/No_koma_Guds_englar

I kveld kom det folk i frå aust og frå vest
God jul og vel møtt dei meg bjoda.
Vi møttest i Lyngdal til selskap og fest,
og sang gjennom romet her ljoda:
Så glad vi kan ver»
som samla er her.
Guds fredsfyrste høgt vere lova.

Slik vart verset etter kvart, ikkje ganske slik då eg avslutta kvelden, men dette var i tankane mine då eg kom heim. Det vart ein tidleg kveld i går, etter ein dag full av gode inntrykk.