So gjeng eit år

Share

Tidi renne og alli snåvar,
ho fere fortar hell hesten tråvar.
Det fer ein vetre, so fer ein vår
so renn ein sumår, so gjeng eit år.

Slik heiter det i eit stev der første linja er mykje sitert, men dei tre andre var meir ukjende då eg las dei på framsida i Setesdølen i går. Det kjennest som om tidi renn fortar og fortar dess fleire år ein får bak seg.

Eg er takksam for dagane eg har fått i året som gjekk. Eg har fått vore på jobb for å hjelpe flyktningar i Valle til å forstå norsk, og i år klarte fleire dei aktuelle testane då dei var i Kristiansand for å prøve seg. Det gode kollegafellesskapet vi har hatt, vi som på ulike måtar er med i dette arbeidet, har også vore ein rikdom.

I fritida i Valle har eg gleda av å vere med i Valle Radio. Det er ein rikdom som har gitt ein vitelysten person mykje lærdom. Eg har møtt mange flotte folk som har vore med i programma. Du kan sjå kven det var om du rotar rundt på Setesdalswiki sine sider om programma til Valle Radio. Medarbeidarane i radioen er det og ein rikdom å samarbeide med. I år hadde vi til og med personaltur og då kom eg til Kilden for første gong. Høgt oppe, så høgt at eg burde hatt kikkert, fekk eg høyre Sissel Kyrkjebø live, også det for første gong.

Endeleg så puslar eg med Setesdalswiki. Pr 1. januar har dette leksikonet for Setesdal 4813 artiklar. Av dei kom 1253 i år, om lag 100 færre enn i løpet av fjoråret. Takk til Helge Haugland, Reidar Tveito og Siri Johannessen som har vore mest med i arbeidet, men også dei andre som har levert artiklar. Vel så interessant som auken på artiklar er det at det har vore over 50.000 unike gjester som har funne informasjon der. Sjå meir om det på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalswiki:S%C3%A5pekasse#1253_artiklar_i_2013

Arbeidet med Setesdalswiki er ein del av engasjementet mitt i samband med Setesdalskonferansen. Eg er svært takksam for å få det unike innblikket i næringslivsarbeidet som Setesdal Regionråd står for og ikkje mindre takksam til dagleg leiar Signe Sollien Haugå for den inkluderande måten ho møter oss på.

I året som gjekk har eg vore vekependlar og om eg er takksam for livet i Valle og aktivitetane der, er eg ikkje mindre takksam for å kunne reise heim til Reidun i Mandal kvar fredag. Samværet med henne gjev krefter til å halde fram med dei gjeremål eg har. At barn og barnebarn trivst og har det godt, er og ein rikdom å takke både Gud og dei for. Godt nytt år 2014. Må det bli til velsigning.