Andre joledag 2013

Share

Medan første joledag er ein dag der ein etter gamalt heldt seg heime, kan andre joledag nyttast til familiebesøk. Eg hadde fått ei tekstmelding i går då eg sov middag, men den gådde eg ikkje før i dag. Det var ei melding om at søster mi i Lyngdal og mannen hennar ville kome på besøk til oss saman med mor. Planen deira var å kome klokka tolv.

Men då klokka var vel passert tolv, kom det ei ny melding om at dei var forsinka, og ho var vel passert eitt før dei dukka opp. No vart det eit kort, men hyggeleg jolebesøk, for dei skulle sjølv få besøk litt ut på dagen. Då skulle son deira med familie kome frå Vestfold, og medan vi sat ved kaffibordet, kom det tekstmelding om at dei var passert Harebakken.

Kaffien smaka og praten gjekk livleg, ikkje minst fordi vi drøfta familiesamkoma vi skal laurdag i Lyngdal og kven som kom og kva vi skulle ha med. Dermed gjekk tida fort, plutseleg kom det ei ny melding om at dei hadde passert Kristiansand. Vi prøvde å få dei til å svinge innom oss i Tregdeveien, men dei var mest innstilte på å kome seg til Lyngdal, så det vart eit raskt oppbrot slik at gjestene ikkje skulle kome til tomt hus i Lyngdal.

Så gleder vi oss til å møtast, om alle etterkomarane etter mor hadde kome med familiane sine, ville vi vore over seksti, no er det nokre som ikkje kan kome på grunn av jobbar og lang reiseveg, men vi blir ein stor flokk likevel.

Slik er det vel for mange av dykk som les Valle Radios blogg og høyrer på Valle Radio og. Familieselskap og tid til å vere saman i den søte joletid. Så får ein heller spare på det søte og nyte andre godsaker slik at ikkje sukkeret i blodet tek overhand, det er jo ikkje så sunt. Men å møte familie, vener og kjente, det er sunt, anten det stormar eller blæs.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *