Doktorgrad på flisfyring

Share

I går kveld hadde eg med meg Geir Skjevrak frå Bygland på telefonen i Valle Radio. Han har teke doktorgrad på flisfyring. Då han forklarte det nærare, fekk me vite at han hadde prøvd å finne tilsettingsstoff som ein kunne nytte for å sikre god forbrenning og dermed god utnytting av veden. Samstundes var det viktig at oska ikkje vart fast, for då er ho vanskeleg å få ut av kjelen, og oske må ein jo fjerne både i omnen i stova og i store anlegg.

Det var visst ein spesiell disputas i Trondheim denne dagen, for eit tjuetals byglendingar hadde teke vegen til Trondheim for å oppleve disputasen. Kor mykje dei forstod av fagspråk om vedfyring på engelsk kan ein jo lure på, men ei oppleving må det ha vore. Til vanleg kjem det ein handfull publikum på slike disputasar, og er vart salen temmeleg full.

Geir fortalde at det etter kvart er blitt fleire flisfyringsanlegg i Setesdal. Han fortalde og at prisen på slip-tømmer er så låg at ein like gjerne nyttar heilt tømmer til å lage flis av i staden for å nytte kvist og kvas, som krev meir arbeid.

Då tenkte eg at det kan hende er grunnen til at trea som vart hogde ned utanfor vinduet mitt i Leite før eg flytta inn, og dermed gav meg utsikt frå vindauga mitt til Nomelandsfjødd i staden for til ein skog, truleg ligg der framleis fordi det er meir arbeid å kviste dei og få dei til Rysstad, slik planen var, enn å kjøpe ferdige lass med tømmer for å lage flis av. Men om det er tilfelle, burde kan hende all den gode veden som ligg der, bergast til ved før trea rotnar og vert ubrukelege.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *