God jol 2013

Share

Så er vi komne til 1. joledag, dagen er til og med på hell når eg skriv dette. For meg har jola vore stille og roleg, ei tid for opplading saman med familien. Eg er glad for at snøen har kome ferdig måka, i rennande form er han mykje lettare å ha med å gjere enn om tilsvarande nedbørsmegnde hadde vore kvit. I år vart vi og ein del av den stadig veksande flokken som skaffar seg joletre i plast og dermed slepp dryss og alt som fylgjer med eit tradisjonelt joletre. Med ferdig jolelys på treet kunne vi endre litt på jolerutinane her i huset, til vanleg har pyntinga vore om føremiddagen joleaftan, men no stod treet med lys klart alt lisle jolaftan. Og pakkar fekk vi plass til under treet, akkurat som andre år.

Det har blitt litt variabelt med blogging i denne tida. Difor kom ikkje programmet for lisle jolekvelden med i bloggen før jol, så eg legg det med her, nærast for arkivet sin del:

Program 23.12.13
Teknikar Jørund Georg Jore
Kl 17-18 Direktesending frå Valle sentrum.
-Trekking av Valle sentrumsforeining sitt jolelotteri
-Premiering av pepperkakehus konkurransen (jury Sissel Åkre, Hallvard Homme og Gunnar Hillestad)
-Nissen kjem
-Koret Syngjandi syng for oss
Frå kl 18.00 og utover kvelden:
-Tankar frå Bibelen med Torleif Harstad, Håvard Viki og Bjørgulv T Berg
-Kvelden før kvelden med Ørnulf Hasla og Bjørgulv T Berg
-Jolehelsing frå ordførar Tarald Myrum
VELKOMNE TIL VALLE SENTRUM!
Nettradio: http://159.171.56.26:8000/live.m3u

Sjølv høyrde eg ikkje programmet, og eg har heller ikkje fått med meg kven som vann i lotteriet som Valle sentrumsforeining arrangerte. Det fungerer jo slik at vinnaren må vere i sentrum for å få premien, det er ikkje nok å ha eit gratislodd om ein ikkje er til stades når trekkinga skjer.

I staden for å vere i Valle i tankane, har eg rota meg til Grønland denne jola. Nordisk Råds litteraturpris-vinnaren i år var romanen Profetene i Evighetsfjorden av Kim Leine, og den fekk eg med meg frå biblioteket før jol. Det er eit interessant tidsbilete frå slutten av 1700-talet og eg er glad eg ikkje levde på den tida. Med dagens teknologi har ein høve å flytte seg frå tidsalder til tidsalder, og dagens program på TV med konsert av St.Olaf’s College Choir og Nidarosdomens jentekor var ei stor oppleving, det same var konserten med KORK i Lommedalen kirke i kveld.

God jol til deg som les bloggen min.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *