Kvinner og norskopplæring

Share

I kveld vil eg og kommentere ei sak frå møtet i Valle kommunestyre i går kveld. I bolken Førespurnader kom dette spørsmålet:

Astrid Kyte:
Flyktningekvinner som har små born treng skyss til barnehagen før dei kjem til undervisning ? Er det tenkt ut korleis dette skal ordnast dersom bussen vert trekt ut frå budsjettet?
Rådmannen:
Løysingar på dette vert jobba med i administrasjonen, men ei endeleg løysing er det ikkje pr. d.d.

I Valle kommune har det vore eit system med transport av flyktningane sine barn til barnehage. Etter mi meining har det vore ein stor føremon for norskopplæringa, for utan transporten hadde barna blitt heime, og då hadde mødrene og blitt heime. No er alle mødrene på norskopplæring, noko som er ein viktig grunn til at dei etter kvart kan ta språkprøven og på sikt finne seg arbeid. Om dei skulle bli sitjande heime utan å få kome seg på skule, ville språklæringa ta svært mykje lenger tid.

For barna er det og viktig å kome i barnehagen for å lære norsk språk. Erfaringa er at dei som har fått tid i barnehagen før dei kjem på skulen, er mykje betre førebudd på det dei møter i skulen enn dei barna som kjem rett til skulen utan å ha hatt tid i barnehagen først.

Bussen har difor vore ein viktig faktor for så vel kvinnene som barna når det gjeld språkopplæring. Sjølv om fleire av flyktningane etter kvart har fått seg bil, endrar ikkje det situasjonen så mykje, for når far får bil og vert meir mobil, og dermed lettare kan skaffe seg jobb, så blir det mor som får oppgåva med å få barna i barnehagen. Når ho ikkje har fått eige førarkort, er ho like langt med omsyn til dette.

Så eg vonar at rådmannen sitt arbeid vil bere frukt slik at tilbodet ikkje forsvinn.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *