Kyrkjejubileum

Share

I dag var eg på komitemøte for 175-årsjubileet for Hylestad kyrkje. Nemnda er Siri Melhus, Åse Holen, Sissel Åkre, eg og presten vår, Terje Seilskjær. Det hadde vore to møte før dette, dei hadde eg ikkje hatt høve til å vere med på, så dette var mitt første møte med planane som ein legg for jubileet. Datoen for markeringa er 29. juni 2014. Om du vil vere med, kan du jo alt no setje av den datoen i kalenderen din.

Sjølv kom eg til Hylestad i 1991, det var to år etter 150-årsjubileet. Den gongen vart det gjeve ut eit hefte, denne gongen tenkjer ein ikkje å lage noko bok, men ein vil sjå til at det kjem fyldig informasjon på digitale media. Alt no kan du lese ein artikkel på Setesdalswiki om kyrkja, den er ikkje spesielt lang og utfyllande, men i samband med jubileet er det naturleg å byggje den ut til å bli ein stor og grundig artikkel: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hylestad_kyrkje Med hypertekstsystemet kan ein lage underartiklar under hovudartikkelen, slik at ein kan få ein grundig informasjon om kyrkja og aktuelle tilhøve i samband med kyrkja.

Vi snakka litt om å arrangere ei kyrkjevandring frå den gamle kyrkjegarden på Bjørgum, der kyrkja stod før noverande kyrkje vart bygd. Med ein kunnig guide kan det vere litt av kvart å sjå på den turen. I gamle dagar rodde folk mellom Ulveriket og kyrkja. Eg veit ikkje kva tid Skagebrua kom, men den endra jo livet sterkt for folk på austsida, så ein slik tur kan vere ei fin oppleving, tenkjer eg.

Elles snakka vi litt om at det kan vere aktuelt å strekke markeringa ut i tid, sjølv om festdagen blir 29, juni. Det kunne vere aktuelt å ha jubileumskonsert eller andre markeringar, og det kan vere vanskeleg å få plass til alt på ein dag. Det ville ein kome tilbake til på nyåret når ting er meir avklara.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *