Radiotur 2013

Share

Laurdag 7. desember reiste radiostaben på Kristiansandstur. Rolf Erik kjørte kommunebussen frå Valle alt klokka 9, det skulle bli god tid til jolehandel for dei som prioriterte det. Sjølv kom eg frå Mandal utpå dagen. Programmet for turen var lagt opp av Liv Gunn Viki og Øyvind Jacob, i praksis var det vel Liv Gunn som stod for det meste, etter det Øyvind sa. Klokka 18 hadde vi middag på Hotell Norge før turen gjekk til Sissel-konserten i Kilden klokka 21. Vi hadde fått plassar høgt oppe på balkongen, vi kunne mest bare skimte henne langt der nede. Slik sett hadde nok ein TV-konsert gitt meir nærkontakt med artisten, men det er jo noko eige med å vere i romet.

Konserten var strålande flott, Sissel hadde med seg tre gospelsongarar frå New York og fem eminente musikarar. Kjente og kjære jolesongar så vel som gospelsongar eller kan hende ein skulle seie jolesongar i amerikansk tradisjon gav publikum jolestemning.

Etter konserten kunne folk gjere kva dei ville, nokre tok ein tidleg kveld, andre samla seg i resepsjonen på Norge for å prate saman før dei tok kvelden, medan atter andre tok ein runde på byen for å sjå etter kjentfolk.

Sundagsmorgonen fekk vi ein lang frukost på Norge, den frukosten er jo legendarisk, så sjølv om vi kanskje ikkje åt så mykje meir enn vanleg, gjorde vi det over mykje lenger tid. Dei første radiofolka kom vel til bords klokka 8 då salen opna, medan dei siste gjekk frå bordet like før klokka 11, då bussen var sett opp til å køyre oppover dalen att. Sjøv valde eg å nyte sport på hotellromet den siste timen og fekk akkurat med meg Synnøve Solemdals siger i skiskyting før eg sjekka ut og gav meg på heimveg.

Det var ei triveleg helg i godt lag og ein inspirasjon til å halde fram i Valle Radio i alle fall for meg, men sikkert også for dei fleste av oss.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *