Stein Haugland Sjøservice

Share

Det eg skriv i kveld har lite med Valle Radio å gjere. Det har heller ikkje noko med Valle i Setesdal å gjere, men mange som har kjørt E18 frå Kristiansand til Oslo, har nok sett skiltet til Valle i Bamble kommune. Litt lenger aust ligg Sandøya, der dotter vår Margunn og mannen hennar Stein held til.

Eg fortalde i ein blogg for eit par dagar sidan om korleis dei to saman med Helge reiste frå oss i Mandal fredag i romjula for å dra heim til Sandøya og sikre båten i den sterke sønnavinden som reiv og sleit i fortøyningane. Dei heldt på til klokka eitt på natta før båten var trygg. Båten var Fjellvind, ein båt Stein skal bruke til taxibåt frå april når han sluttar i jobben som lagersjef i RHI på Herøya.

Eg har i mitt stille sinn tenkt at det er dristig satsing og eg les i Breviksposten at tidlegare forsøk på å drive ordinær taxibåt i Brevik og Langesund har ikkje vore lønnsomme. Likevel vågar han å starte ei verksemd som har vore draumen hans i mange år, no føler han at tida er inne til å prøve seg. Ettersom det er i Grenland, får han ikkje støtte til prosjektet frå Innovasjon Norge, les eg i avisa, utan at det vert sagt meir om grunnen til det. Han må altså satse sjølv, med innkjøp av ein båt med plass til 16 passasjerer. Investeringa er på tre kvart million, og dette skal gje grunnlag for ein arbeidsplass.

Eg har stor respekt for folk som vågar å satse sjølv. Eg har vore med på Setesdalskonferansen nokre år no og møtt ein del gründarar i Setesdal, den er jo for folk som driv næringsverksemd i Setesdal. Etter kvart har konferansen nådd eit nivå der nærare hundre personar samlast for å få inspirasjon til næringsverksemd. Ulike konsept har blitt presentert for oss, og det er imponerande kva ein kan få til om ein har energi og tru på eit prosjekt. Difor ynskjer eg Stein Haugland Sjøservice til lukke med prosjektet.

Her er lenke til artikkelen i Breviksposten, som er ein del av Porsgrunn Dagblad: http://www.pd.no/breviksposten/article7073352.ece
Og her er lenke til første innlegg på heimesida: http://www.steinsjo.no/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *