Sterk vind

Share

Eg bur på ein lun plass i Mandal. Men meldingane om sterk vind høyrer eg på, og i dag såg eg at det var kolonnekøyring mellom Hovden og Haukeli så vel som over Haukelifjell. Vegen gjennom Hunnedalen var stengt, så det er nok mykje vind der og.

Vi hadde ei fredeleg jolehelg og i dag valde jolegjestene våre å gå ut for å nyte middag på ein utestad i Mandal. Men det varte ikkje så lenge, for medan dei var der, fekk dei telefon om at båten Fjellvind, som dei nettopp fekk før jol, og som ligg på Sandøya utanfor Brevik, ikkje hadde det så godt. Med vind rett frå sør vert det høgt vatn, og sjølv om dei hadde festa båten etter alle kunstens reglar, vart dei urolege. Så difor valde dei å køyre tre timar austover for å sikre båten i stormen. Dei hadde bare tida og vegen, for siste ferja frå Brevik til Sandøya går klokka 23.30, og dei treng om lag tre timar på turen, så eg sit her og vonar dei kjem vel fram.

I morgon var planen at vi skulle ha årets store joleselskap i Lyngdal. Vonleg kjem dei tilbake og har litt å fortelje frå nattas strev. Når sjølv Color Line ikkje kan ligge til kai i Kristiansand, skjønar ein at vinden er sterk og vanskeleg å ha med å gjere.

Sjlv er eg glad for at eg slepp å vere mannen i vinden i jolehelga, men heller kan lese, sjå på TV og skrive litt på Setesdalswiki. I kveld runda leksikonet for Setesdal 4800 artiklar, det var artikkelen om EHbanen som fekk æra, og det var Geir Daasvand som oppretta artikkelen. Det likte eg, sjølv om mitt hemmelege mål om å nå 5000 artiklar innan nyttår ikkje let seg realsiere. Men det kjem nye dagar og vonleg går det ikkje så langt inn i 2014 før målet er nådd.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *