Valle kommunes jolebord 2013

Share

Det årlege jolebordet vart halde i kveld på Sølvgarden, og tradisjonen tru skreiv eg sang til arrangementet. Den kan eg dele med dykk som les bloggen. Det vart ei koseleg bordsete med velkomst frå rådmann Eivind Berg og festen vart leia av Øyvind Jacob, beden inn for høvet, ettersom helseavdelinga, som han arbeider i, no ligg under Bykle kommune. Sidan var det ein litt lenger tale av rådmannen, ordføraren delte ut heder til Tor D. Lunden for 25 års teneste, og Kim Pedersen talte for damene medan Marianne Brenna talte for herrene. Taffelet vart heva av ordførar Tarald Myrum, som takka for maten. Så vart fol inviterte til kjellaren, der det var standup og musikk og dans til langt ut i dei små timar. Men då reiste eg heim , mellom anna for å skrive blogg.

Her er jolebordsongen 2013:

Melodi: Nå har vi vaska golvet

Nå er me atter samla til jolebord og fest,
me vonar du vil trivast som kveldens glade gjest.
Velkomen hit til alle, frå kvar og ein etat!
Me alle vil oss glede over kveldens jolemat.

Men først eit blikk tilbake på året som har gått,
det gjer oss alltid glade; vi ser kva vi har fått:
Nytt stadion som lyser i mørke vinterkveld
for alle som med fotball og med trim seg kjenner vel

Så flott ein barneskule i Valle er på plass,
med utstyr som seg høver for lærdommens palass:
med smarte nye tavler dei no kan boltre seg,
og digital oppleving få på livsens lærdomsveg.

Og no har alle vegar i Valle fått sitt namn
det skapte litt rabalder, men no er dei i hamn.
Honnør fortener gruppa for jobben dei fekk gjort
og sytte for at sjukebilen no kan kome fort.

«Der ingen skulle tru» var i Valle på besøk,
det gode liv på Tytingen er ingen dårleg spøk.
Og Sigurd fronta vallemal og dialekten vår,
kulturkommunen Valle no på trygge føter står.

I kveld du må deg glede med dei du har til bords
kan hende kan de prate om festen Tour des Fjords
I år så seier Valle kommune AV OG TIL,
så om du får deg vatten, ja, så drikk det med eit smil.

Og sentrumsplanen slit me med om krossen borte vart,
og framleis manglar ventebu i sentrum, det er rart.
Så om me har det flott her, står oppgåver i fleng
og ventar på at kanskje me kan spare opp litt peng.

Det vil me ikkje tenke på i denne førjulstid
no legg me bort bekymringar og kiv og strid og splid
og kosar oss på festen ein gild desemberkveld
og vonar at me alle har det gama likevel.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *