Kyrkja vart full

Share

I går lurte eg på om Evie klarte å samle fullt hus til konserten i Bygland kyrkje i kveld. No kan eg rapportere at det klarte ho, sjølv om det nok var plass til fleire, men til og med på galleriet sessa folk seg for å få med seg konserten.

Harry Andersen ønska velkommen og introduserte Vonheim-koret, og dermed var konserten i gang. Eg var kanskje mest imponert av koret, dei hadde god klang og god sang. Hildegunn Richards på pianoet og Evie sin son Kris på gitar gav tonefylgje, og saman gav dei konserten ei flott innleiing.

Deretter var det Evie aleine som vokalist med sonen som musikar, eit par songar der ho spelte piano fekk vi og, ingen tvil om at ho hadde god kontroll på tangentane. Det gjekk på norsk, engelsk og svensk, songar av Gubben Pelle Karlsson måtte jo vere med. Innimellom krydra ho programmet med små historier, vitnespyrd og bøn. Ein kunne like gjerne kalle henne songevangelist som vokalist.

Etter ein time var det pause, då kunne vi strekke beina, prate med kjente og kjøpe CD-plater, og ho signerte villig plater i våpenhuset. Så fylgde ei kortare avdeling to i kvelden før det heile vart avslutta i samsang med Vonheim-koret. Dei hausta trampeklapp, og som ekstranummer kom Han er min sang og min glede, Pelles kanskje mest kjente sang.

Som takk og minne frå kvelden fekk musikarane boka Dommelidei med bånsullar og regler frå Setesdal. Kyrkjeverje Olav Nilsen hadde ei svært personleg helsing då han takka, den vart vel motteken både av artistar og publikum. Så vandra vi oppglødde ut i vinterkvelden, takksame for opplevinga vi hadde fått.

Blir det full kyrkje?

Share

I morgon fredag 31. januar klokka 19 kjem Evie til Bygland kyrkje. Eg hadde ein prat i Valle Radio tysdagskvelden med Harry Andersen, eldsjela som har ført til at Evie legg turen innom Bygland i morgon. Han var naturleg nok svært oppglødd over å få denne eminente songaren til Setesdal, ho har bare med seg sonen Kris Karlsson på gitar. Sjølv spelar ho piano, og det er nok, ikkje noko band denne gongen.

Det er ledd i ein liten vinterturne som Skjærgårdssang i Langesund arrangerer, og Harry Andersen har vore på arrangementa i Langesund i fleire år og fortalde levande om korleis responsen på songen hennar har vore der. Difor sette han seg opp på ei liste for om mogleg å få henne til Bygland, og det lukkast han med. Ho besøker Kristiansand, Hauge i Dalane, Klepp, Sotra, Bergen og så tilbake til Bygland på denne turen. Om veret er lagleg, kjem ho over fjellet, elles må ho dra om Stavanger, men Harry Andersen lova at ho skulle vere på plass fredagskvelden.

I samtalen kom vi og innom det han tok opp i Setesdølen tysdag, om å ha ein buffer for å kunne få artistar som er litt større, til å kome til Bygland. 200 kroner er billettprisen denne gongen. For dette får ein konsert med Evie, og Vonheimkoret har og øvd inn nokre songar som dei skal vere med på saman med henne. -Det blir nok i overkant for det vi klarar, meinte Harry Andersen, men dei ville no prøve på stoffet dei har fått tilsendt i førevegen.

All honnør til Harry Andersen for det initiativet han har gjort, som altså fører til at vi får høyre Evie i Bygland kyrkje i morgon klokka 19. Og etter det eg har grunn til å tru, stoppar bommen ved Hekni klokka 12, så det betyr at ein tur til Bygland kyrkje blir 72 kroner billigare i morgon kveld enn i kveld.

Om Olav Knutsson Tveiten

Share

I går kveld var Leonhard Jansen i studio for å snakke om Olav Knutsson Tveiten. At ei lita bygd som Valle fekk ein eidsvollsmann, var nok noko naturstridig. men det var no det som skjedde. Kjeldene er ikkje så veldig tydelege på korleis det bar til, men han var ein vel omtykt mann, lensmannen i Valle. Alt 27 år gamal var han blitt lensmann, og jobben hadde han til han døydde, over 50 år seinare.

Vi snakka litt om korleis dette ombodet var på bygdene på den tida, han var futen sin forlenga arm og sette opp skjøte ved handel, kravde inn skattar og avgifter og heldt ro og orden. For jobben fekk han litt av det han kravde inn, så det var ei god ekstrainntekt. Men garden var stor og heile familien var med på å drive den, så han stod seg godt.

Så vart han vald som tredje utsending frå Råbyggelaget til å møte på Eidsvoll. Vi snakka litt om korleis han tok seg fram, det var jo på våren, kan hende han gjekk på ski til Telemark og vidare til Kongsberg, eller kan hende han reiste ned dalen og fekk båtskyss innover. Det vert ikkje sagt noko om det i kjeldene, heller ikkje korleis dei reiste heim etter 17. mai.

Leonhard fortalde levande om det som finst i kjeldene om Olav Knutsson Tveiten. Han betalte 10 dalar og gav futen ein øyrefik då han ikkje likte maten han fekk. Det meinte Leonhard kan hende var ei vandresoge, for ein høyrer det same frå andre kantar av landet.

Vi snakka litt om eidsvollsmennenes etterkomarar, og ettersom Olav var gift to gonger og hadde mange born, er det mange hundre etterkomarar etter han. Dottera Sigrid vart gift med kjempa Bjørgulv Uppstad, dei hadde mange born, sonen Bjørn hadde og mange born, så det vart ei stor etterslekt. Nokre reiste til Amerika, så også der er det etterkomarar. På denne sida kan du sjå meir om det: http://data.eidsvollsmenn.no/tng/descend.php?personID=I49943&tree=Eidsvollsmenn&display=compact&generations=8

Framleis er det mange som ikkje er registrerte, så det skal vi snakke meir om i serien om eidsvollsmennen neste tysdag i Valle Radio.

Siste veka i januar 2014

Share

Dette stod i Setesdølen i dag:

Laurdag 1. februar vil ein markere at Nomeland bedehus er 40 år. Huset vart vigsla 13. mai 1973, så markeringa er ikkje på dagen, men godt på overtid. I kveld vil Torleif D. Bjørgum, som er styreleiar for huset, fortelje om aktiviteten i desse 40 åra i Valle Radio. Han vil og fortelje om planane dei har for markeringa laurdag.

I sendinga i kveld held ein og fram med programma om Grunnlovsjubileet. Leonhard Jansen vil fortelje om eidsvollsmannen Olav Knutsson Tveiten.

Tysdag 28. januar

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Grunnloven 200 år. Leonhard Jansen fortel om eidsvollsmannen Olav Knutsson Tveiten
19.20 Nomeland bedehus 40 år. Torleiv D. Bjørgum i studio
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 29. januar

Ansvarleg: Kåre Rike
Teknikar: Jørund Georg Jore
Telefonvakter: Ingunn & Ingebjørg Ellinor

19.00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19.30 Kommunen informerer ved ordførar Tarald Myrum
20.00 Kåres time. Blant anna: Arkivopptak: Tarald Nomeland i samtale med Lars Jonson Rysstad
21.00 Opi sending med Ronny Stavsholt

Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Eg lurer likevel litt på om onsdagsprogrammet kjem til å gå på lufta, for Bykle kommunestyre har tillyst møte onsdagskvelden frå klokka 18. Dei pleier å sende møta sine, og då spørs det om Valle Radio må vike plassen.

Kan filmane bare makulerast?

Share

Eg las i Setesdølen fredag at fotograf Haugaa på Evje vil makulere filmar som ikkje vert kjøpte av dei som er fotograferte på Evje i 43 år. Han har vore fotograf på Evje sidan 1970, men no er det slutt.

Eg tenkte at slikt kan då ikkje vere situasjonen i vår tid. Det som ikkje vert kjøpt av dei som vart fotograferte, må vel kunne overlatast til Setesdalsmuseet eller Aust-Agder Arkivet, det må vel vere betre enn å bare makulere tusenvis av filmar.

Sjølv om det kan hende ikkje er aktuelt å ta vare på filmane for den som vart fotografert, nge er kan hende gått bort i løpet av desse åra, vil vel eit slikt fotoarkiv kunne vere til nytte for den som skal skrive bygdebøker eller på annan måte vil forske i historia ein gong i framtida. Ein kunne jo sjå interessen som var for biletet Kåvenes skule 1932 på Setesdalswiki då det biletet var i avisa sist fredag. Det har hatt 200 visningar på vel ei veke, så mange har vore innom for å sjå biletet: http://www.setesdalswiki.no/wiki/K%C3%A5venes_skule_1932

Alf Georg Kjetså sa det så fint i ein samtale eg hadde med han: Gamle bilete må delast og vere til glede for mange.

Eg vonar nokon tek initiativet til å ta vare på fotosamlinga etter fotograf Haugaa, akkurat som Alf Georg Kjetså har gjort med fotosamlinga etter Knut Åknes.

Nomeland bedehus

Share

I fjor var det 40 år sidan Nomeland bedehus var ferdig. Huset vart vigsla 13. mai 1973 med skriftlesing og bøn av Knut F. Uppstad og Knut O. Nomeland. Sverre Olsen var sokneprest i Valle då, og han heldt vigslingstalen.

Opp gjennom åra har huset vore brukt til mangt og mykje. Før Hylestad barnehage vart bygd, var det barnehage i Nomeland bedehus, kvart år har det vore overnatting der i samband med Sesilåmi, i fleire år var det kyrkjeasyl i huset. Men sjølvsagt har det vore mest brukt til det som det var tenkt til, eit forsamlingshus for Hylestad. I den tida Knut O. Nomeland levde, var det ikkje minst Misjonssambandet som var aktive, men alle organisasjonane innan kyrkja har gjesta huset med møteveker og kortare besøk.

Då eg kom til Valle i 1991, vart eg fort trekt inn i Fredagsklubben som Ove Berrefjord og fleire andre dreiv. Det vert triveleg å møte han att når det skal markerast 40 år komande laurdag klokka 16. I mange år var det barneforening på Nomeland bedehus, men sundagsskulen var på Hylestad soknehus. Dei seinare åra har det vore kvinnemøte i regi av Jesuskvinner der.

Komande tysdag kjem Torleiv D. Bjørgum i Valle Radio for å fortelje om dette. Då får du høyre meir om både arbeidet og jubileumsfeiringa.

Viggo Wilhelmsen har vore ein nokså fast talar på Nomeland bedehus. Han skal tale på jubileumsfesten. Og så vert det ei god matøkt. Det kan bli ein triveleg ettermiddag. Sjølv held eg på med ein prolog til festen. Du må og setje av dagen, så møtest vi der.

Den gode samtalen

Share

Eg har mange gonger snakka om den gode samtalen i Valle Radio. Tysdagskvelden hadde eg igjen det eg opplevde som den gode samtalen. Då var Svein Kleivane i studio. Det var visst fyrste gongen han var med i radio, noko som i grunnen er litt rart når ein tenkjer på alt han elles er med på av kulturelle aktivitetar i Bygland: To kor, både Vonheimkoret og Konge Hanes eftf., revyane i Bygland dramatiske selskap og elles dei mange gongene han er rundt som kåsør og forteljar, med dikt og deklamasjon.

Alt dette fortalde han om onsdagskvelden, det vil seie, litt av det, for ein time ville nok ikkje vere tid nok til å streife anna enn ein flik av det han er med på. Men vi fekk den gode samtalen likevel, ispedd nokre songar han hadde funne til å gje litt pusterom. Songane han hadde med, høvde svært godt til samtalen, og då har eg ikkje noko i mot å bryte av med musikk.

Han er jo godt kjent med Jakob Sande og hadde eit par dikt eg ikkje hadde høyrt før av den forfattaren, eit dikt som skildra på ein fantasifull måte Israelsfolket si ferd gjennom Rødehavet og fiskane dei tok med seg undervegs, fiskar som nok for det meste finst på Vestlandet meir enn der dei var sagt å vere, og det fiskemåltidet då dei kom over på den andre stranda kunne nok minst måle seg med saltfisken eg fekk til middag då eg kom heim til Reidun i dag.

Om han var litt spent då han kom i studio, fann han seg fort til rette, og plutseleg var timen over. Då hadde vi bare så vidt vore innom det vanskelege situasjonen ein har i Bygland, der ein har fem kyrkjer på vel tusen menneske. Det er ganske kostbart, men vanskeleg å gjere noko med.

-Det ein har lært utanåt, er nyttig, for plutseleg kan ein nytte det, sa Svein Kleivane, og meinte at han hadde nokså lett for å lære noko utanåt. Han las og eigne tekstar han hadde skrive i ulike samanhengar. I det heile var han godt førebudd, og han fekk vel ikkje bruke meir enn litt av det han hadde med som moglege manuskript. Men slik er gjerne ein time i Valle Radio, han går fort og som oftast kan den gode samtalen gjerne gå vidare. Difor vonar eg at Svein kjem tilbake seinare og deler med lyttarane meir frå opplevingar han har hatt i livet.

Så runda vi 4900 artiklar

Share

I kveld runda vi 4900 artiklar på Setesdalswiki. Det var takka vere Knut Olav Uppstad sin jobb med å finne informasjon om alle folka som var på biletet Alf Georg Kjetså hadde sendt inn til Setesdølen sist fredag. Her er lenke til artikkelen: http://www.setesdalswiki.no/wiki/K%C3%A5venes_skule_1932

Det er bare ein artikkel som ikkje er blå no, så han har gjort ein stor jobb med å finne informasjon om folka. På den måten har biletet fått ein større verdi enn det hadde før. No var dette eit ganske kjent bilete, det har til og med vore på Valle Bygdekvinnelag sin kalender ein gong. Det var det Lisbeth Dalquist Homme som fortalde meg, ho hadde snakka med Ingebjørg Vegestog Homme om det.

Eg har vore med på Facebooksidene med gamle bilete frå Valle, Bykle og Bygland. Men eg har sjølv ikkje kunnskap nok til å skrive om bileta, men når det fungerer på den måten, vert Setesdalswiki verdifull for fleire. Når kunnskapen vert delt, vert alle rikare. I tillegg var også Geir Daasvatn inne og skreiv fleire artiklar i dag, så plutseleg var vi langt over 4900 artiklar.

Om fleire vart med på denne dugnaden, ville leksikonet verte ei rikare kjelde for alle.

Onsdagsprogram 22. januar 2014

Share

Eg var på eit møte i kveld og fekk ikkje høyre sendinga i Valle Radio, men det var Ronny Stavsholt som var ansvarleg og Liv Gunn Viki som var teknikar. Frå klokka 20.30 var Ingebjørg Å. Løyland og Helga Åkre telefonvakter.

Programmet var slik:

19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved Torunn Charlotte Lund
20.00 Ronnys time.
21.00 Opi sending ved Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike

I den aktuelle timen (frå Facebooksida til Valle Radio):
Telefon til Arne Holskog som akkurat hadde kome heim etter å ha brøyta på FV 45 Rotemo – Skafså.
Han kunne fortelje at dei fekk åpna vegen i dag etter to ras sist veke. Rasa skjedde i strekninga mellom fylkesgrensa og Hallbjørnsekken. Det er fortsatt veldig strek vind og ca.1,5 – 2 meter snø på flatmark. Ved Sundet er skvalane over 4 meter.

Han oppfordrer alle om å køyre svært forsiktig for der er fortsatt stygt vér og sterk vind!!!!
Fylg med på nettsida til Vegvesenet eller ring 175
http://www.vegvesen.no/Trafikkinformasjon/Reisei

Fattig og utarma

Share

Det var Norge i 1814. Napoleonskrigane var ei katastrofe for landet, det fortalde Eli Fure i Valle Radio i kveld. Ho siterte ei linje i eit vers frå Terje Vigen: Den fattige sultet, den rike led savn. I programmet med Svein Kleivane fekk vi høyre litt meir av det, han tok det på direkten, så eg siterer heile verset:

Så lakked og led det til krigens år
i attenhundred og ni.
Endu går sagn om de trængsels-kår,
som folket da stedtes i.
Engelske krydsere stængte hver havn,
i landet var misvækst og nød,
den fattige sulted, den rige led savn,
to kraftige arme var ingen til gavn,
for døren stod sot og død.

Det var vel bare nokre få av dei 800.000 som budde i Norge i 1814 som tenkte på at Norge kunne bli ein sjølvstendig nasjon. Eli Fure fortalde om korleis danskekongen Frederik 6. hadde sendt kronprins Christian Frederik til Norge for å vere lim mellom dei to landa, han skjøna truleg at Norge heldt på å forsvinne for han, men håpa nok at det kunne gå bra. Så måtte han avstå Norge i Kielfreden, og då stormannsmøtet kravde å få velje sjølv, kunne ein ikkje vite kva som ville skje.

Eli Fure fortalde at Norge var eit av dei siste landa til å skaffe seg ein grunnlov, mange hadde gjort det, men så kom det ein reaksjon, og i dag er det bare USA og Norge som har grunnlov frå den tida.

Ho fortalde og om prosjektet med å finne ein eidsvollsmann og så nøste opp etterkomarane og dermed finne ut om ein er i slekt med ein eidsvollsmann. Det har vore mange som har jobba med dette, men for dei to i Setesdal, gjekk det litt tregt. Så fekk Margit Løyland frå Grendi jobben med å finne slekt etter Even Torkildsen Lande, og då kom det fart i saka, så den er det gjort mykje med, men Olav Knutsson Tveiten har ein ikkje kome så langt med enno. Men framleis er det tid til å legge inn etterkomarar etter desse eidsvollsmennene frå Setesdal, kunne ho fortelje. Ho fortalde og at det var mange etterkomarar i Amerika, noko som gjorde at mange der fylgjer arbeidet med interesse.

Det vart ein triveleg og interessant halvtime om Grunnlovsjubileet. Neste tysdag kjem Leonhard Jansen og skal fortelje om Olav Knutsson Tveiten.