Biografiar

Share

Niklos K. Besteland fortalde at Aust-Agder Arv hadde gitt ut ei bok med artiklar om alle Eidsvoldsmennene frå Agder. Den måtte jo vere aktuell i desse dagar, så eg fekk Lisbeth på biblioteket til å bestille boka, og i dag kom ho. Det var årboka for 1963 og 1964, og den siste som var omtalt i boka var vår Eidsvoldmann, Olav Knutsen Tveiten, i boka omtalt som Ole Knudsen Tvedten. Det ga litt meir grunnlag for samtalen eg skal ha med Leonhard Jansen i Valle Radio i slutten av månaden.

Artikkelen er skriven av O. A. Aalholm, og då eg googla litt, fann eg ut at han var jurist og fylkesarkivar på fylkesarkivet i Aust-Agder. Ein må tru at han hadde særs god tilgang på kjelder, og notene bak artikkelen fyller to sider. Sjølve artikkelen fyller 16 sider i boka, så ein får innblikk i mange sider av ein mangslungen mann.

Eg vart sitjande og lese både om han og om Even Torkelsen Lande i dag, det var interessant lesnad og eg gleder meg til å lese meir om dei andre etter kvart.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *