Blir det full kyrkje?

Share

I morgon fredag 31. januar klokka 19 kjem Evie til Bygland kyrkje. Eg hadde ein prat i Valle Radio tysdagskvelden med Harry Andersen, eldsjela som har ført til at Evie legg turen innom Bygland i morgon. Han var naturleg nok svært oppglødd over å få denne eminente songaren til Setesdal, ho har bare med seg sonen Kris Karlsson på gitar. Sjølv spelar ho piano, og det er nok, ikkje noko band denne gongen.

Det er ledd i ein liten vinterturne som Skjærgårdssang i Langesund arrangerer, og Harry Andersen har vore på arrangementa i Langesund i fleire år og fortalde levande om korleis responsen på songen hennar har vore der. Difor sette han seg opp på ei liste for om mogleg å få henne til Bygland, og det lukkast han med. Ho besøker Kristiansand, Hauge i Dalane, Klepp, Sotra, Bergen og så tilbake til Bygland på denne turen. Om veret er lagleg, kjem ho over fjellet, elles må ho dra om Stavanger, men Harry Andersen lova at ho skulle vere på plass fredagskvelden.

I samtalen kom vi og innom det han tok opp i Setesdølen tysdag, om å ha ein buffer for å kunne få artistar som er litt større, til å kome til Bygland. 200 kroner er billettprisen denne gongen. For dette får ein konsert med Evie, og Vonheimkoret har og øvd inn nokre songar som dei skal vere med på saman med henne. -Det blir nok i overkant for det vi klarar, meinte Harry Andersen, men dei ville no prøve på stoffet dei har fått tilsendt i førevegen.

All honnør til Harry Andersen for det initiativet han har gjort, som altså fører til at vi får høyre Evie i Bygland kyrkje i morgon klokka 19. Og etter det eg har grunn til å tru, stoppar bommen ved Hekni klokka 12, så det betyr at ein tur til Bygland kyrkje blir 72 kroner billigare i morgon kveld enn i kveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *