Den gode samtalen

Share

Eg har mange gonger snakka om den gode samtalen i Valle Radio. Tysdagskvelden hadde eg igjen det eg opplevde som den gode samtalen. Då var Svein Kleivane i studio. Det var visst fyrste gongen han var med i radio, noko som i grunnen er litt rart når ein tenkjer på alt han elles er med på av kulturelle aktivitetar i Bygland: To kor, både Vonheimkoret og Konge Hanes eftf., revyane i Bygland dramatiske selskap og elles dei mange gongene han er rundt som kåsør og forteljar, med dikt og deklamasjon.

Alt dette fortalde han om onsdagskvelden, det vil seie, litt av det, for ein time ville nok ikkje vere tid nok til å streife anna enn ein flik av det han er med på. Men vi fekk den gode samtalen likevel, ispedd nokre songar han hadde funne til å gje litt pusterom. Songane han hadde med, høvde svært godt til samtalen, og då har eg ikkje noko i mot å bryte av med musikk.

Han er jo godt kjent med Jakob Sande og hadde eit par dikt eg ikkje hadde høyrt før av den forfattaren, eit dikt som skildra på ein fantasifull måte Israelsfolket si ferd gjennom Rødehavet og fiskane dei tok med seg undervegs, fiskar som nok for det meste finst på Vestlandet meir enn der dei var sagt å vere, og det fiskemåltidet då dei kom over på den andre stranda kunne nok minst måle seg med saltfisken eg fekk til middag då eg kom heim til Reidun i dag.

Om han var litt spent då han kom i studio, fann han seg fort til rette, og plutseleg var timen over. Då hadde vi bare så vidt vore innom det vanskelege situasjonen ein har i Bygland, der ein har fem kyrkjer på vel tusen menneske. Det er ganske kostbart, men vanskeleg å gjere noko med.

-Det ein har lært utanåt, er nyttig, for plutseleg kan ein nytte det, sa Svein Kleivane, og meinte at han hadde nokså lett for å lære noko utanåt. Han las og eigne tekstar han hadde skrive i ulike samanhengar. I det heile var han godt førebudd, og han fekk vel ikkje bruke meir enn litt av det han hadde med som moglege manuskript. Men slik er gjerne ein time i Valle Radio, han går fort og som oftast kan den gode samtalen gjerne gå vidare. Difor vonar eg at Svein kjem tilbake seinare og deler med lyttarane meir frå opplevingar han har hatt i livet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *