Det snør

Share

Så vart det laurdag og vi vakna opp til meir snø. Eg trur det er kome ein meter her i Mandal snart, og det var bare å finne fram snøskuffa og grave fram bilen igjen, sjølv om vi ikkje hadde planar om nokon tur i butikken i dag. I staden vart det sports-laurdag på TV, i alle fall til klokka 12, for då gjekk straumen, og utan straum får vi ikkje sett mykje TV.

Eg er ikkje sikker på kor lenge straumen var borte, halvannan til to timar. Etter ein time kom det melding til Reidun sin mobiltelefon om at straumen var borte og at Agder Energi Nett var takksame om vi visste noko. Det gjorde vi jo ikkje, vi hadde ikkje vore ute, men etter ei stund kom ein bil og stoppa på vegen utanfor huset vårt. Ein av personane i bilen gav seg i veg oppover i snøen for å sjekke linja, og etter eit kvarter kom vtraumen tilbake.

Dei har ein tøff jobb i snøveret, dei som skal syte for at vi har straum.

Når det gjeld sporten, så vart Henrik l’Abbe Lund beste nordmann i jaktstarten i Anterselva i dag. Eg lurer på om han er i slekt med Lund-folka i Valle, eg meiner eg las noko om at det var ei grein av Lund-familien i Valle med det namnet.

Slik som veret er no, med sterk vind og snø i fennene, er det ikkje noko triveleg ute i det heile tatt, det synest katten vår og. Han måtte ut ein tur, men han var ikkje sein om å kome seg inn att, og seinare, då han ville ut, ombestemte han seg og gjekk i sandkassen i staden. Sidan har eg ikkje sett han truleg har han funne ein plass på loftet og teke kvelden der.

Når det snør slik, og når straumen held, er det godt å vere inne og få TV pr. fiberkabel. I kveld kunne eg sjå o’Sullivan vinne semifinale i ei snooker-turnering i London, 1500 i salen jubla for strålande spel. I morgon er det finale.

I bloggen i morgon skal eg fortelje litt om ei oppleving eg hadde i dag. Men no tek eg kvelden.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *