Det ular og blæs

Share

Det har vore ein vindfull periode på slutten av 2013. Mang ein kveld har eg lege i senga og høyrt vinden ule rundt nova. Ein kan og sitje inne og sjå korleis tretoppane vaiar i vinden. Då er i alle fall eg glad for å vere under tak, og ofte tenkjer eg på dei som bygde huset eg er i. For ei tid tilbake høyrde vi at taket vart flerra av eit hus og grunnen var at ein hadde brukt for korte spikrar. Då tenkjer eg på svigerfar som bygde huset eg bur i. Det gjorde han utan spikerpistol, og det står stødig etter seksti år. Låven vår er enno eldre, det ser ikkje ut til at han nauar særleg heller.

I slike stunder er eg glad eg ikkje har båt, for det fylgjer alltid ekstra ansvar med å vere båteigar, og særleg når pålandsvind og måne skapar springflo i kombinasjon med vind. Då bør ein sjekke fortøyingane og kontrollere at båten ikkje får skade. Å sleppe alt ein har i hendene for å dra ut og sikre båten, det kan vere både strevsamt og stitt.

Når vinden er kombinert med regn, vil katten vår helst ikkje ut. Sjølv om han må, så drøyer han i det lengste, og han har ein teknikk med å setje seg langt inne i stova, sjølv etter at han har mjaua og gitt signal om at han kunne ønske at vi opna døra. Ofte finn han den døra der det dårlege veret merkast minst, så mange gonger går vi frå dør til dør for å vere til behag. Ikkje lenge etter at vi har slept han ut, er han på døra og vil inn att.

I gamle dagar ba ein om godt og tenleg ver i kyrkja. Eg er litt usikker på om den bøna framleis er med i kyrkjebøna eller om trua på yr.no har blitt så sterk at ein trur seg å kunne vere budd på det meste. Då vi i dag høyrde at forsikringsselskapa hadde betalt ut meir enn ein milliard i skadeerstatning etter dei namngjevne stormane i 2013, skjønar ein at det er store krefter i sving og at ein gjer lurt i å ta det litt piano når det ular og blæs.

«I slikt vær, da får du bønner, Gud» heiter det i diktet Juleaften av Henrik Wergeland:
Et vær, som rystet
den sterkes hjerte i dets skjul i brystet,
et himmelvær, hvori sitt eget navn
han påropt hørte
av ånder, stormene forbi ham førte,
mens hver en tretopp hylte som en ravn? Men ravnen gjemte
seg selv i klippen, ulven sulten temte,
og reven våget seg ikke ut.
I huset sluktes
hvert lys, og lenkehunden inneluktes….
I slikt vær, da får du bønner, Gud!

Heile diktet finn du her: http://www.poemhunter.com/best-poems/henrik-wergeland/juleaftenen-christmas-eve/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *