Etter all julematen

Share

I den aktuelle timen i går kveld snakka eg med Silje Stange Foss som er ernæringsfysiolog på Evjeklinikken. Ho skreiv eit lesarinnlegg i Setesdølen sitt siste nummer i fjor, det kom 30. desember. Stykket heitte Kos deg med anna enn feit mat. Du kan lese det på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Kos_deg_med_anna_enn_feit_mat

Stykket kom på trykk etter jul, det var jo litt dumt, for slik som det var skrive, burde det stått på trykk før jul. Men ein rår ikkje over korleis avisa sin plass er, og truleg vart det for mange god jul-annonsar til at innlegget kunne kome med.

Silje hadde vore på Evjeklinikken i vel eitt år, fortalde ho i radioen. Vi snakka litt om julematen, i Gausdal, der ho kjem frå, hadde dei ribbe. Eg fortalde henne om julemattradisjonar i Øvre Setesdal, ho kjende ikkje til tradisjonen med nepespa, så eg måtte seie noko om kva det var, og ho meinte då at det var ein tradisjon som kunne vere i samsvar med målet om å unngå feit mat til jul.

I artikkelen skreiv dei om kor mykje arbeid som måtte til for å forbrenne kaloriane i ein porsjon riskrem, det var ikkje lite. Det same var jo situasjonen med kaken i jula. Ho meinte difor at det var eit sunt prinsipp å forsyne seg bare ein gong, og ikkje satse på å tøme kakeboksen så fort som råd. Då eg spurde henne om kva ein skulle gjere med kakene som vart til overs, fortalde ho at ho hadde fått eit forslag frå ein pasient på Evjeklinikken om å male dei opp til fuglemat. Då kunne ein glede seg over mange fuglar på fuglebrettet. Ein annan ide var å gje kaken til julebukkar når dei var ute med posane sine.

Det var hyggeleg å prate med henne om eit så aktuelt tema. Ho skriv i artikkelen at mattradisjonane vart til i ei tid med hardt kroppsarbeid. Slik har vi det ikkje lenger, dei fleste av oss, men kosten i jula er ikkje endra. Difor slo ho eit slag for å redusere den feite maten ein har i jula og heller ha tradisjonar som går på ting ein kan gjere saman, til dømes quiz eller aktivitetar ute.

Så får ein sjå korleis det går i det nye året.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *