Fattig og utarma

Share

Det var Norge i 1814. Napoleonskrigane var ei katastrofe for landet, det fortalde Eli Fure i Valle Radio i kveld. Ho siterte ei linje i eit vers frå Terje Vigen: Den fattige sultet, den rike led savn. I programmet med Svein Kleivane fekk vi høyre litt meir av det, han tok det på direkten, så eg siterer heile verset:

Så lakked og led det til krigens år
i attenhundred og ni.
Endu går sagn om de trængsels-kår,
som folket da stedtes i.
Engelske krydsere stængte hver havn,
i landet var misvækst og nød,
den fattige sulted, den rige led savn,
to kraftige arme var ingen til gavn,
for døren stod sot og død.

Det var vel bare nokre få av dei 800.000 som budde i Norge i 1814 som tenkte på at Norge kunne bli ein sjølvstendig nasjon. Eli Fure fortalde om korleis danskekongen Frederik 6. hadde sendt kronprins Christian Frederik til Norge for å vere lim mellom dei to landa, han skjøna truleg at Norge heldt på å forsvinne for han, men håpa nok at det kunne gå bra. Så måtte han avstå Norge i Kielfreden, og då stormannsmøtet kravde å få velje sjølv, kunne ein ikkje vite kva som ville skje.

Eli Fure fortalde at Norge var eit av dei siste landa til å skaffe seg ein grunnlov, mange hadde gjort det, men så kom det ein reaksjon, og i dag er det bare USA og Norge som har grunnlov frå den tida.

Ho fortalde og om prosjektet med å finne ein eidsvollsmann og så nøste opp etterkomarane og dermed finne ut om ein er i slekt med ein eidsvollsmann. Det har vore mange som har jobba med dette, men for dei to i Setesdal, gjekk det litt tregt. Så fekk Margit Løyland frå Grendi jobben med å finne slekt etter Even Torkildsen Lande, og då kom det fart i saka, så den er det gjort mykje med, men Olav Knutsson Tveiten har ein ikkje kome så langt med enno. Men framleis er det tid til å legge inn etterkomarar etter desse eidsvollsmennene frå Setesdal, kunne ho fortelje. Ho fortalde og at det var mange etterkomarar i Amerika, noko som gjorde at mange der fylgjer arbeidet med interesse.

Det vart ein triveleg og interessant halvtime om Grunnlovsjubileet. Neste tysdag kjem Leonhard Jansen og skal fortelje om Olav Knutsson Tveiten.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *