Frå koloni til kongedømme

Share

Det vart ein interessant samtale med Helge Sten Thorbjørnsen i Valle Radio i kveld Han hadde skrive ein artikkel i Færdrelandsvennen i dag i samband med at det i dag var 200 år sidan Kielfreden. Der tok han opp noko han fann påfallande, at det i traktaten heiter at Norge er eit kongedømme. Landet hadde ikkje vore kongedømme på 500 år, og plutseleg var det gått frå å vere ein dansk koloni til eit kongedømme. Kva kunne vere grunnen?

Sjølv meinte han at dette var eit trekk som måtte sjåast i eit langt perspektiv. Den danske kongen hadde vore på feil side i Napoleonskrigane og hadde etter kvart skjøna at det gjekk mot tap. Han såg og at Sverige, som hadde vore på rett side og difor skulle få noko att for å ha støtta England, ville få ein sterk posisjon om landet fekk Norge, noko Sverige gjerne kunne tenke seg, ettersom dei hadde mist Finland til Russland nokre år før. Difor trudde Torbjørnsen at danskekongen kanskje vona å kome ut betre av tapet om Norge var sjølvstendig kongedømme og ikkje ein dansk koloni, og dersom arveprinsen i Danmark var konge i Norge, ville dei to landa kunne kome saman att når arveprinsen vart konge i Danmark.

Helge Sten Thorbjørnsen hadde studert dette i samband med eit foredrag han hadde på Senioruniversitetet i Kristiansand i dag om Eilert Sundt, mannen som fekk si livsoppgåve i lys av grunnlova, slik Torbjørnsen såg det. Ikkje bare han, men Henrik Wergeland og fleire andre steig fram som nordmenn, noko det hadde vore lite av før 1800-talet, då opplevde folk frå Norge seg som danske. Men etter omveltningane som følgje av Napoleonskrigane så dei plutseleg at dei kunne vinne sjølvstende og verte fri frå både Danmark og Sverige, og dei hadde på ingen måte lyst å gå i union med Sverige, Norge hadde jo mist både Båhuslen og Jämtland og Härjedalen til Sverige.

Slik kom sjølvstendet rekande på ei fjøl, og nordmenn i 1814 greip høvet, laga grunnlov og la grunnen for sjølvstende og vokster, rett nok i ein union med Sverige, men ettersom landet var kongedøme, var unionen mellom to sjølvstendige partar og ikkje mellom ein vinnar og ein tapande koloni.

Det vart ein interessant prat, eg lærte mykje og vonar at lyttarar også lærte noko. I så fall var kvelden i radioen litt meir enn underhaldning.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *