Fredag

Share

Så var det fredag att, og turen gjekk til Mandal. I Valle var det kome ein del snø i natt, kan hende ti centimeter, men den var lett og fauk fort av bilen. Men på Rysstad var det mindre snø. Eg var innom på Statoil, og Kjell var i telefonen, det var folk frå byen som ville vite om det var så mykje snøkaos som dei fekk inntrykk av når dei høyrde på radio. Han kunne då seie at det var lett snødrev, men at det ikkje var kome noko særleg snø. Eg ville vel knapt kalle det lett snødrev, det som var i lufta akkurat då, heller bare noko snø som dansa i lufta.

Turen nedover gjekk ikkje fort, eg hadde lova å køyre forsiktig. Men det er eit problem når ein legg seg i seksti, for det første blir ein teken att, for det andre blir ein søvnig, så då eg kom til Ose, stoppa eg og sov eit kvarter. Då gjekk ferda til Evje svært så mykje betre etterpå.

Eg har YX-kopp, så på Evje fekk eg meg ein kaffisup, litt irriterande om den veltar, statoilkoppen var betre, den hadde tettare lokk, men årets kopp er dyrare og dårlegare, etter det eg les, så eg har ikkje fått meg den, så eg fylte YX-koppen før eg drog vidare. Då eg kom inn i Vennesla, møtte eg salta veg, men eg svinga av på Hægeland og tok stilt og forsiktig over til Bjelland. Like så forsiktig gjekk ferda nedover Mandalen, og då eg kom til E-39, var det ingen kø for å kome seg ut på vegen. Den var jo salta etter alle kunstens reglar, men då er det bare få kilometer før eg er heime.

Kona hadde måka plass for meg til å kome inn, det var 40 cm snø, våt og tung, men turen heim hadde altså gått utan noko uhell. Til vanleg pleier eg å høyre på P2 på vegen nedover, men i dag let eg Sørlandssendinga stå på for å fylgje med på kva dei sa om veret. Og det var mykje, journalist i brøytebil og rapportar frå aust og vest. Etter mi meining var det vel ikkje anna ein ein vanleg vinterdag, sjølv om politiet stoppa dårleg skodde trailarar og gav dei køyreforbod.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *