Første gong med ny sendetid

Share

Det var litt rart å kome i radioen klokka halv sju ein onsdagskveld. Men etter at vi har fått ny sendetid er den ktuelle timen borte, så sendinga starta med Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad. Teknikar Kåre Rike introduserte han, det var jo ikkje naturleg at eg skulle gå i studio bare for å annonsere at Torleif skulle kome, så eg sat stille og funderte på kveldens program den halve timen som Torleif var i studio.

Medan eg sat der, kom Frode Buen, han skulle ha programposten Kommunen informerer. Ettersom det ikkje hadde vore nokon aktuell time, kunne han nytte Bygdenytt som grunnlag for samtalen, og med det fylte han tida utan særleg pause. Platespelaren fekk stå i ro til han avslutta, og då var det tid for Erik Berglihn som gjest i Haralds time.

Eg hadde møtt Erik eit par gonger før, så eg visste at han hadde mykje å fortelje. Det er triveleg å ha ein gjest som har noko på hjarta, og han fortalde levande om litt av det han hadde vore med på før han i haust tok til som næringskoordinator i Setesdal Regionråds regi. Ettersom han treng tid til å avvikle nokre prosjekt han held på med, er han ikkje i full stilling enno, han arbeider mellom 50 og 70 prosent enn så lenge.

Eg kjem nok tilbake til noko av det han fortalde i seinare innlegg på bloggen. Men eg nemner alt no at det er tillyst møte om Elgfarm på Landeskogen i begynnelsen på februar. Då kan alle møte fram og få høyre om prosjektet som ser ut til å kunne realiserast i nedre Setesdal. Det har vore prøvd å få til på Hovden utan å lukkast, men om det kjem i gang på Landeskogen, vil det ha store ringverknader for heile dalen. Turistar som stoppar for å sjå på elg, vil truleg måtte ha både overnatting og mat ein eller annan stad i Setesdal, og då vil alle få glede av kronene dei nyttar i regionen. Det vert spennande å fylgje med på korleis det prosjektet kan realiserast.

Nytt tidspunkt for start i kveld, men elles ein onsdagskveld etter ein velprøvd lest i Valle Radio. Klokka 21 kom Opi sending med Henri-Tore og Rolf Erik, og då kunne eg slappe av etter ein av dei kortaste kveldane eg har hatt i radioen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *