Gamle bilete

Share

Fredag var det eit bilete av ein del barn og ein vaksen mann i Setesdølen. Alf Georg Kjetså kunne opplyse at det var fotograf Knut Åknes som hadde teke biletet, men han lurte på kor det var og kven det var.

Medan eg såg på TV fredagskvelden, tok Knut Olav Uppstad lenka til Setesdølen nr. 5, 2014 og brukte den til å skrive om biletet. Han hadde vore på Valle bygdeheim og snakka med Ingebjørg O. Berg, som var på biletet, og som var den einaste som levde av dei. Då hadde han fått vite at det var frå Kåvenes skule i 1932, noko han hadde skrive inn i artikkelen. Dermed flytta eg artikkelen til Kåvenes skule 1932, slik at eg fekk ha lenka til Setesdølen til å skrive inn overskriftene, slik eg pleier. http://www.setesdalswiki.no/wiki/K%C3%A5venes_skule_1932

Det var ein imponerande jobb Knut Olav hadde gjort. Han hadde fått namn på alle personane på biletet. I tillegg hadde han funne kva side dei stod på i bygdeboka, slik at ein kan slå dei opp der. Eg laga lenker og tenkte at det vel bør vere mogleg å få på plass små artiklar om dei etter kvart.

I går kveld kom Knut Olav med meir informasjon til artikkelen. I tillegg hadde han lasta opp ein video med samtalen han hadde med Ingebjørg. Dermed kan Alf Georg Kjetså sjå filmen og få full informasjon om biletet på Setesdalsswiki. Det er lenke til artikkelen frå overskriftene i Setesdølen, så ein kan finne informasjonen om ein les overskriftene og klikkar på lenka.

Å bruke Setesdalswiki på denne måten viser noko av det mangfoldige ein kan gjere med dette leksikonet. Stor honnør til Knut Olav Uppstad for jobben han gjorde. Eg tok kontakt med Alf Georg Kjetså i går for å fortelje han at no låg alle namna på Setesdalswiki. Han vart i fyr og flamme. Gamle bilete må ikkje gøymast bort i ei skuff, men delast, til glede for mange, sa han. Eg er hjartans enig. Kan Setesdalswiki brukast på ein slik måte, er det spennande og flott.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *