Grunnlovsjubileet i Valle radio

Share

I år er det altså 200 år sidan Riksforsamlinga på Eidsvoll vedtok grunnloven. Det skal feirast med mykje festivitas i heile landet. Det gir oss kjærkome høve til å friske opp kunnskapene om det som hendte då landet vårt vart fritt for danskeveldet. Difor vil vi lage ein programserie i radioen som tek for seg ein del aktuelle tema knytt til hendingane i 1814.

Sjølvsagt vil vi ha program som presenterer eidsvoldsmennene frå Setesdal. Men vi vil også sjå litt på hendingar i tida og prøve å setje saka inn i ein samanheng. Difor må det bli ein serie, ikkje bare eitt program. Serien vil gå på tysdagskveldane våren 2014. Med slike seriar må det bli litt etter prinsippet om at vegen blir til mens vi går. Dersom du som les dette har innspel, er eg takksam. Det kunne vere fint om fleire hadde synspunkt på ein slik serie og kunne tenkje seg å vere med på å gjere stoffet levande.

Det er mange etterkomarar etter eidsvoldsmennene både i Valle og elles i Setesdal. Det må vi kome tilbake til i serien. Veit du om du er etterkomar, og har du noko å fortelje i så måte, hadde det vore fint å få deg med i eit program.

I Valle er jo Tveitetunet den fysiske staden, det var der Olav Knutsen Tveiten budde, og den som besøker tunet, vil få eit inntrykk av korleis lensmannsgarden var for 200 år sidan. Eit slikt besøk høver jo best på sommaren, og museet vil nok halde tunet ope og ha spesielt tilbod i høve jubileet.

Men først vil vi sjå litt på politikk og hendingar som førte fram til at Norge fekk grunnloven.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *