Julehefter

Share

Erik Kjebekk har nokre interessante artiklar i Setesdølen denne jula. Dei stod i nr. 101 og 102, avisene som kom ut 23. desember og 30. desember. Her fortel han om juleheftene, som var ein fast tradisjon i vår barndom og ungdomstid. I våre dagar er det ikkje så mange att, og tradisjonen med å gå på dørene og selje julehefter er vel snart heilt borte.

Sjølv har eg og hatt mine rundar med julehefter. Dei prosentene me kunne få om vi selde julehefter var det ikkje alltid så lett å få ut, for om me ikkje fekk selt alle heftene, vart det lite provisjon når oppgjeret kom. Men me hadde vore faste kundar som gjerne kjøpte heftene, og så var det nokre som slo døra att når dei såg kven som stod utanfor.

Kjebekk fortel og om dei kristelege julheftene. Det er mest utruleg at Ved juletid hadde 125.000 i opplag. Det skulle eit ganske godt organisert arbeid til for å selje så mange hefter ved å gå på dørene.

Då eg vart redaktør av Fiskerens Venn i 1972, fylgde også arbeidet med juleheftet med. Fiskerens Venn hadde ganske høge opplagstal, så det var ein god medskøyt i den økonomiske drifta av bladet. Men det var eit stort ekstra-arbeid å skaffe stoff til å fylle bladet, sjølv om vi hadde nokre faste skribentar som tidleg kom med artiklar. Men så var det jo eit problem at ein helst ikje skulle ha meir enn ein artikel av kvar forfattar. Det var ikkje alltid så lett å få til, så i innspurten vart det ofte til at ein treiv etter det ein hadde for handa.

Etter at eg kom til Valle, var eg med i Skriftstyret for Jol i Setesdal eit par år. Medan Fiskerens Venns julehefte vel knapt kjem ut i særleg stort opplag lenger og kanskje ikje lenger vert seld på dørene, har Jol i Setesdal halde stand i 50 år. Opplaget er rett nok no redusert til 2000 las eg i bladet, Kjebekk skriv at dei fleste heftene ikkje publiserte opplagstalet.

Korleis det var med Fiskerens Venn, hugsar eg ikkje. Men framleis blar eg gjennom dei kristelege julehfetene som kjem i min veg i den søte juletid.

Kjebekk nemner bare dei nynorske heftene i artikkelen. Men vi gledde oss og over 91 Stomperud og Knoll og Tott, Fiinbeck og Fia. Fleire av desse er framleis å få som julehefter og gjev grunnlag for litt humring meir enn ein gong.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *