Kan filmane bare makulerast?

Share

Eg las i Setesdølen fredag at fotograf Haugaa på Evje vil makulere filmar som ikkje vert kjøpte av dei som er fotograferte på Evje i 43 år. Han har vore fotograf på Evje sidan 1970, men no er det slutt.

Eg tenkte at slikt kan då ikkje vere situasjonen i vår tid. Det som ikkje vert kjøpt av dei som vart fotograferte, må vel kunne overlatast til Setesdalsmuseet eller Aust-Agder Arkivet, det må vel vere betre enn å bare makulere tusenvis av filmar.

Sjølv om det kan hende ikkje er aktuelt å ta vare på filmane for den som vart fotografert, nge er kan hende gått bort i løpet av desse åra, vil vel eit slikt fotoarkiv kunne vere til nytte for den som skal skrive bygdebøker eller på annan måte vil forske i historia ein gong i framtida. Ein kunne jo sjå interessen som var for biletet Kåvenes skule 1932 på Setesdalswiki då det biletet var i avisa sist fredag. Det har hatt 200 visningar på vel ei veke, så mange har vore innom for å sjå biletet: http://www.setesdalswiki.no/wiki/K%C3%A5venes_skule_1932

Alf Georg Kjetså sa det så fint i ein samtale eg hadde med han: Gamle bilete må delast og vere til glede for mange.

Eg vonar nokon tek initiativet til å ta vare på fotosamlinga etter fotograf Haugaa, akkurat som Alf Georg Kjetså har gjort med fotosamlinga etter Knut Åknes.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *