Kyrkja vart full

Share

I går lurte eg på om Evie klarte å samle fullt hus til konserten i Bygland kyrkje i kveld. No kan eg rapportere at det klarte ho, sjølv om det nok var plass til fleire, men til og med på galleriet sessa folk seg for å få med seg konserten.

Harry Andersen ønska velkommen og introduserte Vonheim-koret, og dermed var konserten i gang. Eg var kanskje mest imponert av koret, dei hadde god klang og god sang. Hildegunn Richards på pianoet og Evie sin son Kris på gitar gav tonefylgje, og saman gav dei konserten ei flott innleiing.

Deretter var det Evie aleine som vokalist med sonen som musikar, eit par songar der ho spelte piano fekk vi og, ingen tvil om at ho hadde god kontroll på tangentane. Det gjekk på norsk, engelsk og svensk, songar av Gubben Pelle Karlsson måtte jo vere med. Innimellom krydra ho programmet med små historier, vitnespyrd og bøn. Ein kunne like gjerne kalle henne songevangelist som vokalist.

Etter ein time var det pause, då kunne vi strekke beina, prate med kjente og kjøpe CD-plater, og ho signerte villig plater i våpenhuset. Så fylgde ei kortare avdeling to i kvelden før det heile vart avslutta i samsang med Vonheim-koret. Dei hausta trampeklapp, og som ekstranummer kom Han er min sang og min glede, Pelles kanskje mest kjente sang.

Som takk og minne frå kvelden fekk musikarane boka Dommelidei med bånsullar og regler frå Setesdal. Kyrkjeverje Olav Nilsen hadde ei svært personleg helsing då han takka, den vart vel motteken både av artistar og publikum. Så vandra vi oppglødde ut i vinterkvelden, takksame for opplevinga vi hadde fått.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *