Nomeland bedehus

Share

I fjor var det 40 år sidan Nomeland bedehus var ferdig. Huset vart vigsla 13. mai 1973 med skriftlesing og bøn av Knut F. Uppstad og Knut O. Nomeland. Sverre Olsen var sokneprest i Valle då, og han heldt vigslingstalen.

Opp gjennom åra har huset vore brukt til mangt og mykje. Før Hylestad barnehage vart bygd, var det barnehage i Nomeland bedehus, kvart år har det vore overnatting der i samband med Sesilåmi, i fleire år var det kyrkjeasyl i huset. Men sjølvsagt har det vore mest brukt til det som det var tenkt til, eit forsamlingshus for Hylestad. I den tida Knut O. Nomeland levde, var det ikkje minst Misjonssambandet som var aktive, men alle organisasjonane innan kyrkja har gjesta huset med møteveker og kortare besøk.

Då eg kom til Valle i 1991, vart eg fort trekt inn i Fredagsklubben som Ove Berrefjord og fleire andre dreiv. Det vert triveleg å møte han att når det skal markerast 40 år komande laurdag klokka 16. I mange år var det barneforening på Nomeland bedehus, men sundagsskulen var på Hylestad soknehus. Dei seinare åra har det vore kvinnemøte i regi av Jesuskvinner der.

Komande tysdag kjem Torleiv D. Bjørgum i Valle Radio for å fortelje om dette. Då får du høyre meir om både arbeidet og jubileumsfeiringa.

Viggo Wilhelmsen har vore ein nokså fast talar på Nomeland bedehus. Han skal tale på jubileumsfesten. Og så vert det ei god matøkt. Det kan bli ein triveleg ettermiddag. Sjølv held eg på med ein prolog til festen. Du må og setje av dagen, så møtest vi der.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *