Ny sendetid onsdagar

Share

I kveld var det styremøte i Valle radio. På saklista stod spørsmålet om programleiarar for våren. Eg har vel skrive om det på bloggen før, at to av medarbeidarane må ha ein pause, og dermed er vi færre å dele på oppgåvene.

Etter drøftinga er resultatet at vi får ny sendetid på onsdagar. I staden for å starte med ein aktuell time klokka 18, ventar vi til klokka 19 med å starte. Då vert det som vanleg Tankar frå Bibelen før Kommunen informerer. Så vil timen mellom 20 og 21 vere lagleg til å ha aktuell sending eller temasending. Det var og tale om å sende nokre program frå denne perioden i reprise om nødvendig. Så fylgjer vanleg Opi sending klokka 21.

Med ei slik løysing vil det ikkje vere så krevjande for programansvarleg å ha ansvaret for ei sending, det er ein time mindre å fylle.

Eg er truleg den einaste som ikkje har sukka så mykje over å ha to timar å fylle, sjølv om det kan vere krevjande til tider, så har det stort sett lukkast. Og eg synest det er noko leitt at vi ikkje klarer å halde på det som etter kvart har blitt innarbeidd som ein modell å bruke i vår radio. Men slik er no stoda.

Då det var klart at vi kom til å gå for ei slik løysing, sa Kåre Rike seg viljug til å vere programleiar. Han kunne ikkje tenkje seg å ha ansvar for ein kveld etter gamal modell, men etter den nye modellen kunne han vere med. Så då løyste problemet seg med at vi blir fire som deler på programansvaret: Ørnulf, Harald, Ronny og Kåre.

Så må vi prøve å få med oss folk som kan lærast opp og etter kvart kanskje kan tenje seg å bli med i gjengen som driv Valle Radio sine sendingar. Det blir ei utfordring for oss denne våren.

Når det gjeld tysdagssendingane, blir det ikkje noko endring framover. Vi vil starte klokka 18, som vi har gjort i alle år. Første tysdagssending er altså i morgon, 7. januar, medan du må vente ei veke på å få høyre sending frå Valle radio onsdagskveldane.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *