Om Olav Knutsson Tveiten

Share

I går kveld var Leonhard Jansen i studio for å snakke om Olav Knutsson Tveiten. At ei lita bygd som Valle fekk ein eidsvollsmann, var nok noko naturstridig. men det var no det som skjedde. Kjeldene er ikkje så veldig tydelege på korleis det bar til, men han var ein vel omtykt mann, lensmannen i Valle. Alt 27 år gamal var han blitt lensmann, og jobben hadde han til han døydde, over 50 år seinare.

Vi snakka litt om korleis dette ombodet var på bygdene på den tida, han var futen sin forlenga arm og sette opp skjøte ved handel, kravde inn skattar og avgifter og heldt ro og orden. For jobben fekk han litt av det han kravde inn, så det var ei god ekstrainntekt. Men garden var stor og heile familien var med på å drive den, så han stod seg godt.

Så vart han vald som tredje utsending frå Råbyggelaget til å møte på Eidsvoll. Vi snakka litt om korleis han tok seg fram, det var jo på våren, kan hende han gjekk på ski til Telemark og vidare til Kongsberg, eller kan hende han reiste ned dalen og fekk båtskyss innover. Det vert ikkje sagt noko om det i kjeldene, heller ikkje korleis dei reiste heim etter 17. mai.

Leonhard fortalde levande om det som finst i kjeldene om Olav Knutsson Tveiten. Han betalte 10 dalar og gav futen ein øyrefik då han ikkje likte maten han fekk. Det meinte Leonhard kan hende var ei vandresoge, for ein høyrer det same frå andre kantar av landet.

Vi snakka litt om eidsvollsmennenes etterkomarar, og ettersom Olav var gift to gonger og hadde mange born, er det mange hundre etterkomarar etter han. Dottera Sigrid vart gift med kjempa Bjørgulv Uppstad, dei hadde mange born, sonen Bjørn hadde og mange born, så det vart ei stor etterslekt. Nokre reiste til Amerika, så også der er det etterkomarar. På denne sida kan du sjå meir om det: http://data.eidsvollsmenn.no/tng/descend.php?personID=I49943&tree=Eidsvollsmenn&display=compact&generations=8

Framleis er det mange som ikkje er registrerte, så det skal vi snakke meir om i serien om eidsvollsmennen neste tysdag i Valle Radio.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *