Salmer gjennom hundreåra

Share

Det er ikkje lett å hugse alt ein har skrive gjennom åra. I dag var eg på leiting etter eit oversyn over salmene i Landstads reviderte salmebok. Det kunne eg ikkje finne nokon stad. Men i 2010 haddde eg og Helge skrive inn alle salmene i Landstads kirkesalmebog på Wikipedia.

I grunnen var eg på leiting etter salmer skrivne omkring år 1814. Ettersom det er 200 år sidan vi fekk Grunnloven, det skal feirast over heile landet i år, har eg planlagt ein serie program i Valle radio om dette. Dei skal gå på tysdagskveldane, og eg treng noko musikk. Då kunne jo salmesang høve. Du får høyre på Valle radio i morgon, så vil du få vite kva eg fann.

Veit du kven som var prest i Valle i 1814? Han vil du og få høyre litt om i sendinga i morgon.

I planlegginga av denne halvtimen har eg funne ut at det er mykje som manglar når ein skal finne stoff til eit slikt program. Kronologisk oversyn over kva tid salmene er skrivne hadde jo vore nyttig å ha, kva salmer ein song til ulike gudstenester hadde og vore nyttig å ha. På den tida var det jo forordnede salmer til kvar sundag, så då kunne ein jo sett kva dei song på Hellig Tre Kongers søndag i 1814. Noko slikt har eg ikkje klart å finne, digitalisering av Kingos salmebok er det så langt eg veit ikkje nokon som har gjort enno, sjølv om alt i den er falle i det fri.

Så får eg prøve meg fram på litt ulikt stoff til den programserien eg har planar om å lage. Lokalt og nasjonalt perspektiv, det er målet. Kan hende blir det nokre artiklar på Wikipedia i kjølvatnet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *