Svein Kleivane i Valle Radio

Share

Tirsdag kveld kjem Svein Kleivane i Valle Radio. Han vil snakke om kyrkje, kristenliv og kulturliv i Bygland. Kan hende får vi høyre eit dikt eller to og.

I serien om Grunnlovsjubileet snakkar programleiar Harald Haugland med Eli Fure om kven som budde i Norge i 1814 og om etterkomarane etter Eidsvoldsmennene.

Du kan høyre Valle Radio på frekvensane til Evje Radio i nedre Setesdal, så heile dalen kan få med seg dette.

Valle Radio er den einaste radio i landet som har eit fast program med orgelmusikk og kyrkjemusikk på sendeskjemaet, og i morgon kveld presenterer Niklos K. Besteland musikk av komponistar som levde på 1600-talet.

Tirsdag 21. januar

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Grunnlovsjubileet. Kven budde i Norge i 1814? Eli Fure fortel
19.00 Møte med Svein Kleivane
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Facebook: http://www.facebook.com/pa

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *