Til Hovden etter jul

Share

Sundag kveld hamna eg bak eit par danske bussar då eg var på veg til Valle. Det førte til at eg tysdagskvelden hadde ein prat med Lasse Eidskrem i hovden.com om kva som er aktuelt på Hovden i desse dagane.

Han fortalde då at dei fleste vinterdestinasjonar er avhengige av danske grupper i vekene. I helgene fyller nordmenn opp, men i vekene er det danskar som er på tur. På Hovden er det mange danske efterskoler i denne tida. Ein efterskole er ein folkehøgskole for 16-åringar, dei som er ferdige med folkeskolen i Danmark og tek eit år før dei går i gang med yrkesutdanning eller gymnas. Ein vanleg dansk folkehøyskole har eldre ungdommar og vaksne elevar, men fordi det har vore eit press på å ha eit tilbod til dei yngre, er det etablert slike efterskoler.

På Hovden har dei lagt opp til at det skal vere meir underhaldning i helgene, så dei har etablert eit samarbeid mellom Hovden Alpin Lodge og stand up-scenen Latter i Oslo. Det fører til at kvar fredag kjem det ein stand up-komikar frå Latter og har show på Hovden Alpin Lodge.

Elles kunne Lasse Eidskrem fortelje at det var ein meter med snø på Hovden, det hadde vore meir, men så vart det mildver og då sokk det saman noko. Då han fortalde det, tenkte eg at eg var glad eg var i Valle, for her har det vorte nesten bart i løpet av juleferien, og for ein som ikkje likar snø og glatte vegar, er det perfekt.

Eg hadde dette innslaget tysdagskvelden ettersom det ikkje var onsdagssending denne veka. Dermed laga eg ein aktuell halvtime tysdagskvelden. Det vert nok ikkje så ofte eg gjer det, sjølv om eg planlegg å ha meir kulturstoff i tysdagssendingane framover ettersom sendetida onsdagskveldane er korta inn med ein time og onsdagssendingane no skal starte klokka 19. Vi får sjå korleis det går.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *