Tysk musikk

Share

Eg sat og såg litt på skiskyting i dag, og då sa kommentatorane at det var slitsamt å vere i Tyskland i tre veker og høyre ompa-musikk. Hadde eg hatt kaffi, ville eg nok sett den i halsen. Om eg skal kommentere det, så synest eg det er slitsamt med engelsk og amerikansk musikk i NRK til alle tider, kanalen er nesten kjemisk fri for tysk musikk.

Valle Radio vil bøte på det. Tysdag kjem Wenche Gundersen i studio for å presentere tysk musikk. Ho er økonomisjef i Valle kommune, difor er ho i radioen eit par gonger i året i programmet Kommunen informerer. Kvar gong har ho med seg tysk musikk som ho krydrar programmet med, den er melodiøs og fin og ei kjærkomen avveksling frå all country og rock som ein som oftast høyrer i eteren. Då ho var i radioen i haust, avtalte vi at vi skulle ha ein time med musikken ho og mannen er så glade i.

Til vanleg ville det vere eit program vi kunne ha onsdag mellom klokka 20 og 21, i det som har vore programleiarens time. Men etter at vi no har vedteke å korte inn onsdagssendingane med ein time, vil det nok vere vanskeleg å disponere heile den timen til slike musikkprogram. Ein bygderadio bør jo ha litt nyhetsstoff og, og det er nok naturleg å ha det i den timen framover. Difor har eg invitert Wenche til å vere med i tysdagssendinga komande tysdag. I timen mellom 19 og 20 tysdag har eg ofte hatt country gospel, men no vert det altså tysk musikk.

Set på radioen tysdagskvelden, det vert ei ny oppleving du må få med deg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *