Vi treng fleire programleiarar

Share

I jolehelga har det kome melding om at Valle Radio treng fleire programleiarar. To av dei som har vore med i staben treng ein pause, og då vert vi få å dele på oppgåvene. Vi tenkjer at det høver godt for dei fleste å ha ei sending i kvar månad, og då må vi vere fire til fem programleiarar for å få kabalen til å gå opp.

Eg tok ein telefon til Ørnulf Hasla i dag for å høyre litt meir om situasjonen, og han fortalde at det skulle vere eit styremøte til måndag der ein skulle drøfte saka litt meir inngåande.

-Det kan ikkje vere leiaren sitt ansvar åleine å løyse saka, meinte han.

Eg lurer på om folk som les bloggen min kunne tenkje seg å vere programleiar i Valle Radio. I så fall skal du vite at vi som har jobben, har ein triveleg jobb der vi får møte nye folk og snakke om det som rører seg i bygda og i Setesdal. Om du kunne tenke deg å bli med i fellesskapet, skal du få god hjelp til å kome i gang.

Mange tenkjer at det er så vanskeleg å vere programleiar. Men opppgåvene er ikkje så spesielle heller. Ein gong i månaden, så om lag, må du finne fram fire-fem saker som du kan ha i nyhetstimen, den aktuelle timen frå 18 til 19. I tillegg har du ansvar for ein time mellom 20 og 21, og der kan du ha mange ulike tema som du sjølv eller ein annan er med for å lage. Nokre gonger er det musikkprogram, andre gonger er det samtaleprogram. For den som er programleiar, er jobben gjort klokka 21, då kjem team som lagar opi sending og om du ikkje vil vere med i eit slikt team, kan du ta kvelden og vite at jobben er gjort.

Kunne det vere ein aktivitet for deg som les dette? I så fall kan du ta ein telefon til Ørnulf og seie at du er interessert, og om du kunne få prøve deg saman med ein av oss som no er programleiar, og så skulle vi hjelpe deg i gang og støtte deg til du føler at du kan stå på eigne bein på glattisen. Det kunne jo vere ei interessant utfordring å prøve seg på i det nye året, synest du ikkje det?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *